Hopp til innhold

Valestrand i Hordaland

Den årlege Valenfestivalen blir avvikla i tida 20.-27. april 2008. Det er ein kammermusikkfestival i Haugesund og Sveio. Preika på avslutningsdagen er ved Fartein Valen-Senstad og blir sendt i NRK P1 søndag 4. mai.

Valestrand kyrkje
Foto: Edvin Reiersen / NRK

Det blir gudsteneste frå Valestrand kyrkje i Hordaland. Preika er ved Farten Valen-Senstad, og liturg Arild Steinsland.

Kantor er Ole Jørgen Furdal.

Salmane er frå Norsk salmebok: 234 (S-97). 537. 923. 202. Det er salmane Dette er dagen som Herren har gjort, Guds kirkes grunnvoll ene, Du sende din Ande og Lov Jesu namn og herredom.

Nordic Voices syng med Frank Havrøy som dirigent og med solistane Tone Bråten og Ebba Rydh. Dei framfører "Hvad est du dog skiön" av Farten Valen.

Sveio barnekor syng med Ingrid P. Furdal som dirigent.

Årleg festival

Fartein Valen-Senstad
Foto: Edvin Reiersen / NRK

Den årlege Valenfestivalen blir avvikla i tida 20.-27. april 2008. Det er ein kammermusikkfestival i Haugesund og Sveio.

Preika på avslutningsdagen er ved Fartein Valen-Senstad og blir sendt i NRK P1 søndag 4. mai.

Valen-Senstad var med i utvalet som greidde ut spørsmålet om biobanker, som blant anna konkluderte med at materialet i biobankane er ein del av eit individ og at det derfor blir omfatta av respekten for menneskeverdet.

Om kyrkja
Kyrkja i soknet er nemnd første gong i 1567, den gongen var det ei stavkyrkje. I 1707 kom ei ny kyrkje på same staden (Valen) som den gamle. Byggmeistrar var Johannes Raknes og Ole Birkeland.

Kyrkja vart riven i 1873 da det kom ei ny kyrkje i soknet bygd i i tre.

Ho er ei langkyrkje og har plass til 480 besøkjande.

Altartavla har eit motiv frå forteljinga i Matteus ev. 14, 30 om den gongen Jesus og læresveinane var på sjøen og det storma. Det er Peter som ropar: "Herre, frels meg!", og han får halde Jesus i handa.

Det finst ei kyrkjeklokke frå 1810 støypt av Henrjch Grøtchl. J Bergen.

Orgelet er berre 18 år gammalt og er bygd i Utrecht i Nederland i 1986.

Om komponisten
Komponisten Fartein Valen var frå bygda, og kvart år er det Valendagar på Haugalandet.

Heimen til komponisten Fartein Valen (1887-1952) ligg i Valevåg.

Her er det ope for omvisning frå ca. 20. juni til 20. august.

I arbeidrommet står Fartein Valen sitt eige piano som mellom anna er i bruk ved dei årlege Fartein Valen-dagane.

Fartein Valen ligg gravlagt ved ei av dei andre kyrkjene i prestegjeldet, Valen kapell.

Opplysningane er henta frå ulike kjelder, m. a. Norsk kyrkjeleksikon og heimesidene til Valendagane.

Gudsteneste frå Valestrand kyrkje 4. mai 2008

Skog