Det er her dei kjem til gudsteneste og ser kan hende staden dei vart døypt. Det er her dei går på jakt etter englar mellom søylene. Det er her dei får synge songar som ljomar under velvingane. Eit høgdepunkt kvart år er når vi samlar fireåringane i kyrkjelyden og leiker gøymsel. Det er utruleg mange stader ein kan gøyme seg i Nidarosdomen! Og det er stor moro å gøyme seg så godt at ein stakkars prest har store vanskar med å finne dei alle saman att.
Fireåringane er trygge på at dei blir funne att. Dei er heldige. Eg har møtt mange vaksne som trur at dei ikkje kan bli funne av Gud. Som trur at Gud har gjeve dei opp og ikkje vil ha noko med dei å gjere. Men ingen av oss kan gøyme oss for Gud.
Paulus skriv til kyrkjelyden i Korint om korleis vi kan sjå Gud gjennom Jesus Kristus. Om den utrulege tilgangen som er laga for oss til å ha fellesskap med Gud:
Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han vart borte. Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom.
Med opne auge kan vi møte Gud. Vi treng ikkje å gøyme oss, dekke oss til, tru at vi ikkje vil finne eller at ingen vil finne oss. Vi kunne lære mykje av barna som med tillit og tru veit at nokon vil oppdage dei der dei gøymer seg. At dei med kjærleg blikk er sett og blir kalla fram til fellesskap og varme.
Og om du skulle tru at du hadde funne verdas beste stad å gøyme deg, - det er nokon som kallar på deg. Som nemner deg ved namn. Ikkje for å tvinge deg fram. Men for å invitere til varme, meining og fellesskap. Våger du å la deg finne?