Våga seg utpå

I den tynne tråden som heiter tru, heng det prosjektet som Jesus starta: At Guds rike skal breia seg ved at nokon tar Jesus på ordet, og går, seier Jon Ådnøy.

Jon Ådnøy
Foto: Privat

Teksten er henta frå Matt. 28, 16-20.

Eg likar ikkje gangbruer som berre heng etter to vaierar. Eg er redd for luftige hengebruer som gyngar i sitt eige tempo når eg går på dei. Det er noko grunnleggjande her, i bokstaveleg forstand: Angst for å mista fotfestet. Magen veit med seg sjølv kva som skjer, om tyngdekrafta får rett, så eg dett nedanom og heim.

Fyrste gongen eg kom til hengebrua ved utløpet av Hovatnet i Bykleheia, var eg åleine, dagevis frå folk. To stålsnorer med plankar på tvers. Ein syltynn vaier på kvar side som eit slags gelender. 15-20 meter langt, over ei elv som var for djup og for stri og for kald til å tenkja på å vassa.

Eg kan ikkje påstå at eg ba til Gud. Men eg lukka augene og fall på kne, på den første tverrplanken. La meg flatt ned på magen. Armane strekte fram. Lirka meg over, planke for planke, med vare fråspark med skotuppane. Elva rumla under meg. Vinden peip rundt øyrene. Alt gynga, i ein takt som ikkje var min.

Det stive i kroppen gav seg ikkje før langfingeren kjende støypen i brufestet på den andre sida. Eg kunne reisa meg, gå på to som ein mann. Stolt er ikkje rette ordet. Heller letta.

Seinare har eg - iallfall på gode dagar - gått over den hengebrua.

"Gå ut!" var omtrent det siste Jesus sa til dei elleve som hadde fylgt han tettast.

Kven trudde han dei var? Dei visste det fanst svære krefter der ute som var fulle av forakt og motstand og hemntankar mot alt som lukta av Jesus. Dei elleve disiplane såg straumen, kor djup og vid og kald han var. Dei meir enn ante kor lite som skal til for å mista balansen.

Likevel gjekk dei elleve. Kvifor?

Jesus seier ikkje berre «gå«. Han gir ein grunn, ein basis, å gå ut ifrå: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor ut ..«. Lette ord å høyra. Men det kan vera ei kjempeutfordring å prøva dei. Å våga seg utpå.

I den tynne tråden som heiter tru, heng det prosjektet som Jesus starta: At Guds rike skal breia seg ved at nokon tar Jesus på ordet, og går. Ofte stikk i strid med magefølelse og andre sterke signal. Trua er ikkje alltid ein triumfmarsj. Somme tider må ein krypa til korset. Men det ber.

Skriv e-post til Jon Ådnøy.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Tommie Sewón syngje ”Gå med Gud”.

Hør andakten 15/1.