Teksten er henta frå Matteus 21, 12-14.
God morgon !
Urostiftaren, først rir han inn i Jerusalem på eselryggen, og folket syng han jublande inn gjennom byporten. Så går han rett inn på tempelplassen, veltar borda til pengevekslarar og dueseljarar og siterer Skrifta: "Mitt hus skal kallast eit bønehus. Men de gjer det til ei røvarhole." Så let han den tomme tempelplassen fyllast av ei ny gruppe: blinde og vanføre. Dei gjer han friske.
Og no stig lovsongen på nytt. Denne gongen ikkje frå dei vaksne og sensasjonslystne, men frå borna, dei med eit reint hjarte: Hosianna, Davids Son ! Dette er farlege saker. Dette underminerer stus quo. Overprestane og dei skriftlærde grip inn. Dei er arge.
"Høyrer du Jesus, kva borna syng ?" Då svarar Jesus slik at uroa veks. Først med ord. "De som kan skriftene, har de aldri lese: Du har late småbarn og spedbarn syngja din pris." Så med handling: Han snur seg og går beint frå dei. Går frå alt saman. Ut av byen.
Alle freistnader på å redusere kristendommen til eit hyggelig klapp på skuldra vil møte ei alvorleg hindring, personen Jesus, slik han stig fram i Det nye testamente. I dag i teksten frå Matteus 21. Dette er teksten på den første kvardagen i det nye kyrkjeåret, i denne heilt ferske adventstida. No kjem Han, den velsigna urostiftaren.
No er han på veg enno ein gong for å få oss i tale, rydde grunnen for eit møte på vår egen tempelplass, i vårt eige hjarte. Han kjem frisk og farleg. Han er fri frå alle bindingar. Han er den reine, oppsøkjande kjærleiken. Han får borna til å syngje. Han kan fornye alt levande. Han kan forvandle det mest skrøpelege og feilslegne livet til ei levande kjelde av von og tru.
Han, den velsigna urostiftaren, som vil ha bøn i kyrkja, bøn i staden for kommers. Han kjem med den krafta som gjer det mogleg å tru på ei ny byrjing, å opne seg for ei nu byrjing. At det går an å forandre seg. Noko nytt kan skje. Det går an å bryte ut av lammande sirklar av vanetekning og vaneåtferd. Det er mogleg å vende om og gå han i møte. Ikkje på ukjent, framande mark, men i hjartet, rommet som er laga for møte med Jesus. Mitt hus er ei bønehus, seier han, eit bønehus og ikkje ei røverhole.
Eg tar han på ordet. Eg. Geir Gundersen, ber mi hjartebøn: Herre, hjelp meg å gi frå meg kontrollen, den kontrollen eg likevel ikkje har over livet mitt. Gi meg i denne adventstida å stemme i Barnesongen og gi meg over til din friske nåde.
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer Grimstad Kammerkor i "Hosianna, Davids sønn" skriven av Egil Hovland.