Hopp til innhold

Trufast mot sanninga

Ein kropp med utstrakte armar – det er ein kross! Armane breier om og verner. Tek i mot. Gjev ly. Og øvst på bygget – og øvst på kroppen - ser eg jesus, seier Ragnhild Jepsen.

Ragnhild Jepsen
Foto: Helge Helgheim / NRK

Teksten er henta frå Ef. 4, 14-15.

Eg har vore skårunge i Nidarosdomen!

Fyrste dagen min på ny jobb måtte eg vise kva eg var god for, og fylgje kyrkjetenaren rundt i alle krikar og krokar av det fantastiske byggverket. Vi kraup i kjellaren og klatra i svimlande høgder. Eg kom ikkje heilt opp til gullkula på spiret. 

Men eg var høgt nok oppe til å ane kva dei tenkte, dei som hadde mot og vilje nok til å setje i gang med å bygge eit hus som skulle romme historia og kristenlivet til ein heil nasjon:

Frå tårnet ser ein så godt at kyrkja er bygd som ein kropp! Den har armar som strekkjer seg ut, som for å ta i mot eller omfamne. Den har ein torso – ein kropp som armane går ut frå. Kroppen er stødig og brei. Den rommar alle som vil vere der: Dei som inntek rommet med myndighet. Som kjenner seg heime og er trygge. Dei som veit kva dei søkjer.

Men armane breier også om dei som søkjer tilflukt. Dei som ikkje heilt veit kva dei søkjer. Dei som ikkje heilt veit kvar dei skal gå, men likevel kjenner at det er hit eg må kome.

Her er ein plass for meg. Slik tenkte dei som bygde for snart tusen år sidan.

Slik lengtar vi etter at kyrkja må vere for oss i dag. Der eg sto på kanten av det irrgrøne tårnet, såg eg enda noko:

Ein kropp med utstrakte armar – det er ein kross! Armane breier om og verner. Tek i mot. Gjev ly. Og øvst på bygget – og øvst på kroppen – er det akkurat som eit hovud som lener seg til eine sida. Det er Jesus. Han er hovudet på den kroppen som er kyrkja. Alt spring ut frå han og det han gjorde for oss på krossen.

Heile kroppen er grunnfesta i Jesus, og hans kjærleik til oss.

Apostelen Paulus skreiv om kyrkja – kroppen og krossen. Med eit sikkert blikk for anatomi; for korleis kroppen fysisk heng saman, fortel han i brevet til Efesarane at Kyrkja, fellesskapet mellom kristne, er ein kropp:

Vi skal vera trufast mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. Ut frå han blir heile kroppen sett saman og halde i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmålt. Slik veks kroppen og blir oppbygd i kjærleik.

Trufaste mot sanninga i kjærleik. Det er vakkert sagt. Av og til vanskeleg. Men mogleg fordi vi har noko å strekke oss etter: Eit førebilete. Eit hovud.

Frå tårnet i Nidarosdomen var det så lett så sjå. Til dagleg må vi tru det. Strekke oss etter det. Kjenne det i fellesskapet som kyrkja gjev. Vi skal bli oppbygd i kjærleik. Den som er sann, fordi Jesus elska oss sant.

Skriv e-post til Ragnhild Jepsen.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Knut Reiersrud og Iver Kleive spele sin egien versjon av Lindeman-salmen ”Kirken, den er et gammelt hus”.

Høy andakten 21/5.

Skog