Trua gjer sterk

Vit at det er mogeleg å stå oppreist. For meg tyder trua styrkande nærvær som reiser opp og gjer menneska frie og heile, seier Kari Veiteberg.

Kari Veiteberg
Foto: Privat

I namnet åt Skaparen, Frigjeraren og Livgivaren. Amen.

Eitt av dei uttrykka som går igjen i nesten alle Jesu møter er ”Reis deg opp!” Og han sa til han ”Reis deg og gå heim! Trua di har frelst deg.” Reis deg opp – og dei reiste seg og gjekk. ”Eg seier deg: Stå opp, ta båra di og gå heim.”

Ein gong møtte han ei kvinne som var krokryggja, tvikrokut, kunne ikkje retta seg opp. Ho hadde hatt denne plaga i atten år. Då Jesus fekk sjå henne, kalla han henne til seg og sa: ”Kvinne, du er løyst frå sjukdomen din.” Han la hendene på henne, og med ein gong rette ho seg opp og lova Gud.

Kanskje har du kjent nokon ute av stand til å rette seg opp, så nedbøygd at ein ikkje er i stand til å sjå opp. Kanskje konstant nedbøygd ved å få blikk, ord slengt nedover: Du er ikkje noko verd!

Kanskje nedbøygd ved fysisk å ha blitt slått, tråkka på.

Kanskje kvar einaste gong ein prøver å stikke hovudet opp, vere nokon, så gjer folka rundt ein det dei kan for å få trykka ein ned igjen.

Har vi erfart sånn? Det fins ei forteljing som slettes ikkje hadde trengt å vere der. Ein kunne ha latt vere å fortelje ho, ein kunne latt vere å skrive ho ned.

Men så fins det ei stemme som er overlevd, gjennom hundretals år. Så fins det ei bok kor det er skrive. Høyrer du songen frå kvinna Jesu møtte og som han rette opp? Han la hendene på henne, og med ein gong rette ho seg opp og lova Gud. Denne lovsongen har nådd meg. Forteljinga har mange av oss også lest. Om desse som reiser seg opp. Ein etter ein, rettar ryggen, og står, - frie er dei.

Hugs desse forteljingane! Lytt til denne songen, om du møter folk som vi trykke deg ned, knuse draumane dine. Vit at det er mogeleg å stå oppreist. For meg er trua på Jesus ei tru på eit styrkande nærvær som reiser opp og gjer menneska frie og heile. Vi ber:

Herre Jesus Kristus, Du strekte ut armane dine i kjærleik på krossens harde tre, For at alle skulle blir omfamna av frelsa di.

Styrk alle som ber tunge bører. Gje kraft til dei utmatta, trøyst dei sorgfulle. Oppmuntre dei utstøytte og dei som ikkje opplever seg elska

Og gje din fred og glede til oss alle.

Skriv til Kari Veiteberg her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Gunnstein Draugedalen syngje songen "Forunderleg".

Andakt fredag 20/10.