Teksten er henta frå Salme 2.
Eg forstår godt dei som er redde for blandinga av politikk og religion. Det er eg óg. Det er eksplosivt, bokstaveleg tala. Men, eg er samtidig redd for politikk utan religion. Det har óg vore prøvd ? både med politisk ideologi og ikkje minst økonomsk teori som grunnlag.
Det er kanskje ikkje så eksplosivt, men vi byrjar vel å ane nokre konsekvensar som vi knapt orkar å sette ord på: Jorda er ikkje heilag lenger og vi er i ferd med å kvele henne. Eg trur ikkje materialismen står noko tilbake for religionen når det gjeld å gjennomsyre eit menneskeliv.
Eg skal ikkje male ut korkje det eine eller det andre, det gjer Dagsrevyen for meg, men det virkar nesten som tru og vantru held kvarandre i sjakk på ein måte som er nødvendig. Det er underleg ? frå begge sider sett.
Saka er vel at vi eigenteleg ikkje heilt beherskar korkje tru eller vantru. Det er vanskeleg å vere konsekvent i begge deler. Vi lever i ei evig spenning mellom dei to, både som samfunn og som enkeltmenneske. Det er ikkje noko nytt.
Bibelen handlar óg mykje om denne spenninga. Det er absolutt ikkje ei historie om tillit og harmoni mellom Gud og menneske. Men, det er sjeldan vi kan lese om at nokon stilte spørsmål ved sjølve Guds eksistens i Bibelen. Det er litt nytt. Så mektige kjende dei seg antakeleg ikkje på den tid. For dei handla det meir om anten å halde seg inne med Gud, eller å utfordre og provosere han.
I dag er spørsmålet om Guds eksistens heilt grunnleggande og vi må gjere oss opp ei meining om det kvar enkelt, heilt åleine. Derfor er det litt vanskeleg å kjenne seg att i mange av desse eldste tekstene, som tek Gud så veldig tydeleg med inn i dagleglivet og i politikken. Det er ein heilt annan måte å tenke på, eit anna språk ? eit anna verdsbilde.
?Kvifor ståkar folkeslaga,
kvifor legg folka
gangnlause planar?
Kongane på jorda reiser seg,
fyrstane legg råd i lag
mot Herren og den han har salva?
Men no har dette verdsbildet plutseleg dukka opp igjen. Det pregar rett og slett storpolitikken i byrjinga av det nye årtusenet. Det var ikkje dét vi var forberedt på. Vi var forberedt på stjernekrig mellom stormakter, vi, og skogsdød og overbefolkning. Det har vi moderne menneske språk for.
Det å ta Gud inn i politikken igjen kjennest rart, til og med for oss prestar. Vi har vent oss av med det. Vi har ei kirke og det er der inne vi driv med vårt. Kanskje er det klokt. Eg lengtar ikkje tilbake til den tida då dei politiske leiarane blei valde ut og salva av Gud.
Men, det er ein bibelsk kongeskikkelse som det kan vere verd å fordype seg litt i. Han var óg ein politisk størrelse. Det vil eg virkeleg hevde. Men, han var veldig, veldig annleis enn dei andre, heilt frå starten:
Eidsvåg: I en natt
?I en natt så klar og kald
av en ung og tapper mor
i en krybbe i en stall
fødtes håpet til vår jord...?