God morgon!
Eg går ut frå at alle som høyrer, veit kva sorg er.
For det går ikkje an å leve utan i misse, og det går ikkje an å misse utan å sørgje. Det er underleg med livet og sorga. Eg held eit barnebarn i hendene, spenevarmt frå Guds hjarte. Eg held det armane og vernar det. Inne i den store gleda bankar den heitaste bøn, Å Gud, lat det gå barnet godt! Før det ikkje ut i freisting! Frels det frå det vonde! Eg ber Jesu bøn frå Fadervår, den vil då Gud høyre. Og like fullt veit eg at mine barnebarn må lære sorga å kjenne for å bli menneske. Det finst ingen veg utanom.
Men vegen gjennom sorga er også vegen til trøysta. Sæle er dei som sørgjer, seier Jesus. Enno mens sorg er alt den sørgande kjenner, er sæla der. For trøysta er nær. Den er ikkje der enno. Trøysta ikkje for tidleg, seier vi – for sorga må få si tid. Men trøysta er ikkje langt borte, den er heilt nær den som sørgjer. Den er lufta han eller ho pustar i medan sorga riv og slit. Den er kjærleiken som ventar respektfullt så svart skal få vere svart og vondt få vere vondt, utan velmeinande omtolking.
Ein gong sørgde eg. Eg sørgde djupt. Ikkje over tap av menneskeliv, men over tap av vennskap, arbeid – og kanskje også posisjon. Eg veit at det finst større sorger, og dei skal nok også kome til meg i si tid. Men eg sørgde sorga slik den var, eg kunne sitte i timar, la tårene renne, rope høgt. Til eg var tom. Til noko snudde. Medan trøysta nærma seg.
Sæle er dei som sørgjer, seier Jesus. Dei skal verta trøysta. Sørgjande tilhøyrar, kanskje du kan finne tid ein gong i dag til å lese Salme 27. Der møter vi eit menneske i stor sorg. Men ein stad inne i seg veit han at Trøystaren er på veg. Så Sørgjaren reiser seg og går Trøystaren i møte. ”Herre eg søkjer ditt åsyn”. Andlet til andlet. Gud og menneske. ”Om far min og mor mi forlet meg, vil Herren ta imot meg.” ”Eg trur for visst eg skal få sjå Herrens godhug her i livsens land.”
Amen.
Geir Gundersen