I dag står vi framfor Gud med sorg og uro og mange spørsmål. Endå ein gong har ei vond ulukke kravd menneskeliv.
Vi finn inga meining. Vi finn ingen enkle forklaringar på kvifor det vonde hender. Men vi trur vi finn ein Gud som veit om oss og er glad i oss.
Ein Gud som veit kva det er å ha det vondt. Difor kan vi venda oss til han når det er mørkt omkring oss. Vi kan venda oss til han med den store ulukka som vi er saman om, men også med den katastrofen som berre nokre få får vita om, og den uuthaldelege sorga som vi må bera åleine.
Vi låner ord til fortvilinga vår frå Salme 22 i Bibelen:
Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg? Kvifor er du så langt borte frå meg, når eg ropar om hjelp og klagar mi naud?
Eg ropar om dagen, Gud, - du svarar meg ikkje, og om natta, men eg finn ikkje ro. Du drog meg fram frå mors liv og la meg trygt ved hennar bryst. Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg, frå mors liv er du min Gud.
Så gå ikkje frå meg, for nauda er nær, og det finst ingen som hjelper. Men, Herre, ver ikkje langt frå meg, skunda deg og hjelp meg, du min styrke.
* * * * * *
La oss be:
Himmelske far, i dag ber vi særskilt for dei som har opplevd ei vond ulukke, dei som har møtt brå død og stor motgang, angst og sorg.
Vi ber om at at nokon må møta dei og våga å vera dei nær i deira sorg, at nokon må låna øyre til dei sterke historiane, til den såre gråten og den fæle smerten, at dei må få kjenna den armen som stør dei og den handa som tørkar tåra.
Vi ber om at dei må få møta di omsorg, Gud, gjennom oss som er ikring dei. Gud, ver ikkje langt borte frå oss, men la oss kjenna at vi er gøymde i skuggen av dine venger.
I namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande ber vi om trøyst og von. Amen.
Ta imot velsigninga:
Herren velsigne deg og vare deg!
Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig!
Herren lyfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred!
* * * * * *
Vil du skrive e-post til Vigdis Berland Øystese, kan du gjere det her.
* * * * * *
Tore Ljøkjel spiller Eric Cleptons melodi "Tears in Heaven".