NRK Meny
Normal

Trettandedagen

Dei vise mennene frå Aust er nattmenneske, som meg. Ei stjerne viser vegen, på same viset som stjerner og måne alltid har gjort det for menneske i karavanelandskap, seier Jon Ådnøy.

Jon Ådnøy
Foto: Privat

Det er trettandedag jul. Og det er ingen ulykkesdag! 6. januar var den store festdagen i vinterhalvåret i dei første hundreåra etter Kristus. Feiringa av jul og Jesu fødsel kom seinare. I dei ortodokse kyrkjene er framleis denne dagen større enn jula.

Han har fleire namn. Heilage tre kongars dag, ikkje minst. Me reknar det som ein del av barnelærdommen, dette. Sjølv om Bibelen ikkje seier at dei var kongar, heller ikkje at de var tre. Vise menn frå Aust, det står det. Tre er dei kanskje blitt fordi gåvene var tre: Gull, røykjelse og myrra. Det er gåver av eit slikt kaliber at dei passar til ein konge.

Når vismennene dertil oppsøkjer slottet i Jerusalem for å spørja kong Herodes om kvar han var fødd, den nye kongen, så har ikkje vegen vore lang i ein folkeleg forteljartradisjon, til å gjera dei vise til kongelege. Og det står jo heller ikkje i Bibelen at dei ikkje var kongar – eller tre.

Han kan vera raus slik, Bibelen, til å gje oss rom for å forsøksvis fylla ut dei kvite mellomlinjene. La gå at ettertida i dei fleste tilfelle med rette vil seia at det me fylte ut hadde sterkt preg av utfyllaren, mindre av det bibelske. Det er likevel her Bibelen blir levande, i møte med faktisk, levd liv og lengt.

Min favoritt til forteljinga om dei vise mennene frå Aust er for tida denne: Dei er nattmenneske, som meg. Ei stjerne viser vegen, på same viset som stjerner og måne alltid har gjort det for menneske i karavanelandskap, der det ofte er altfor varmt for menneske og dyr å anstrenga seg under tropesola.
Karen Blixen skriv i ”Den afrikanske farm” om dei lange safariane, dei som varte i fleire veker, at dei helst starta ved nymåne. Nymånen er synleg natta igjennom, nettene blir berre lysare og lysare. Og for den reisevande gir stjerner og måne nok lys til å føta seg, og til å finna leia.

For våre vise frå Aust er natta absolutt nødvendig for å komma til målet. Dei veit ikkje ut frå terreng eller vegmerke kvar dei skal. Himmelen må vera mørk, skal dei kunna sjå stjerna. Stjerner er ikkje synlege, når dagen fargar himmelen blå.

Nokon har det slik: Så lenge livet gjekk på skinner, så lenge dagane passerte av gammal vane, såg dei ikkje retning eller mål. Først i mørkret fekk dei auga på eit lys som var verd å strekkja seg etter. Frå natta såg dei kva som er godt, er sant.

Skriv e-post til Jon Ådnøy.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Nidarosdomens Guttekor under leiing av Bjørn Moe synge salmen ”Deilig er den himmel blå”.