Hopp til innhold

Tørst til det siste

Vatn og vassmangel blir brukt som symbol mange stader i Bibelen. Der vatnet manglar, er det ørken, og alt døyr, fortel Jon Ådnøy.

Jon Ådnøy
Foto: Privat

Teksten er henta frå Openb. 22, 16 b - 17.

Me er nok kristnare enn me trur. Ein del oppdagar det for alvor når dei hamnar heilt utanfor vår kulturkrins. Ikkje minst i møtet med Asia sine eldgamle og svære tankesystem, som i India eller Kina. Eller for nordmenn som i periodar arbeider i islamske kulturar, med aktørar som ikkje kjenner seg underlegne kvite nordeuropearar, verken kulturelt eller økonomisk.

I slike situasjonar kan ein oppdaga, sterkare enn før, kva som er likt. Og kva som er forskjellig.

Eitt trekk som ein del då peikar på, er dette: I kristen tradsjonen sluttar me ikkje å tru at det kan finnast ei løysing. Derfor skal me heller ikkje slutta å håpa. The Beatles song for snart 40 år sidan: - There will be an answer. Let it be."

Under andre himlar gjeld andre mål: Livskunst er å læra seg til å akseptera skjebnen. Det som skjer, det skjer. Og det er per definisjon godt. Eller: Målet er ikkje å få oppfylt håpa, men bli løyst frå dei. At håpa dine sloknar, og du sjølv kan bli ein ørliten dråpe i det store Altet. Og så berre kvila, tankelaus og viljelaus og mållaus, fri frå lengt i alle æver.

Det finst også ikkje-religiøse tenkemåtar som rår folk til å ikkje venta seg for mykje. Ikkje strekkja seg etter det som ikkje kan finnast. Bøya seg for Marknaden, for Folket, for Historia.

Men det er noko i den kristne tradisjonen som liknar løvetanna som trengjer seg gjennom alsfaltlaget. Me ser dei innimellom, menneske som insisterer på Livet. Som aldri sluttar å ønskja noko betre, å håpa på rettferd, å venta at sanninga skal sigra ein gong. Om så over mitt lik.

Mange vil nok hevda at denne livstrua ikkje er spesielt kristen. Kanskje er ho ikkje berre kristen. Men sjeldan har det vore sagt så klart som av Jesus i Bergpreika: Sæle dei som hungrar og tyrstar etter rettferda, dei skal verta metta (Matteus 5, 6).

Vatn og vassmangel, det er symbol på mange av Bibelen sine sider. Der vatnet manglar, er det ørken. Alt døyr.

På den aller siste sida i Bibelen er bildet av enden, når Kristus har det siste ordet.

- Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

Å tru er å vera tyrst, til det siste. Og våga å håpa at det blir vatn nok til alle.

Skriv e-post til Jon Ådnøy.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Linn Marit Knutsen og Risør Motettkor syngje ”Fordi han kom og var som morgenrøden”.

Hør andakten 18. januar.

Skog