Teksten er henta frå Jer. 29, 4-7 og 12.
God morgon.
Der det er Gud, er der håp. Mange tankesystem og livssyn baserer seg på at det aldri skjer noko nytt. Alt er lovmessig, alt er variasjonar over kjende tema. Det er noko her som stemmer med menneskeleg erfaring. Me kjenner det igjen. - Kva sa eg? Eg visste det ville gå slik! Imot dette insisterer Bibelen på ting skjer. Nye ting, som ikkje berre er ein variant av det gamle.
- Gud kan gjera store ting. Det gjeld berre å tru på han, seier den fromme. Han hadde hørt det, mannen som datt ned frå taket på løa. Det var såpass høgt at han fekk tid til å tenkja i svevet. Han vende til sin Skapar: - Eg trur, eg trur, eg trur! trygla han.
Då han kom til seg sjølv og fekk karra seg opp av møkadungen, mumla han: Det var akkurat det eg trudde. Han var ein av oss, mannen. Som veit at 7 x 7 blir ein plass mellom 48 og 50, kvar einaste gong. Sånn er det berre, og alt blir så mykje enklare å takla om ein innrettar seg etter det, og ikkje håpar på noko anna. Men ting skjer. Til og med i vår del av verda, i vår eiga tid.
Eg var barn i eit Europa som var delt på midten av Jernteppet. Var ungdom då Sovjet invaderte Tsjekkoslovakia og bokstaveleg talt knuste alle draumar om noko anna. Mange av mine vaksne år låg det der, i betong og stål, Jernteppet. Men så, hausten 1989, forsvann det, i løpet av ganske kort tid.
Så seint som hausten før var det knapt nokon som spådde ei så stor og rask endring til det betre. Ikkje ekspertane, ikkje "sikre kjelder", knapt nok dei største optimistane våga håpa noko slikt hausten 1988. Var det Gud som løfta vekk Jernteppet?
I etterpåklokskapens klare lys er det lett å peika på politiske, økonomiske, sosiale grunnar til et det gjekk som det gjekk. Men me skal òg vera vaksne nok til å seia: Mange hadde bede til Gud. Hadde lide, sukka, dunka i himmeldøra med knyttnevar, drøymt, klaga, håpa. "Når de kallar på meg og kjem til meg med bønene dykkar, vil eg høyra på dykk," står det i Jeremia 29,21. Ting skjer. Så lenge det er Gud, er der håp.
Vil du skrive e-post til Jon Ådnøy, kan du gjere det her.
* * * *
Vi høyrer Sigvart Dagsland syngje "Det er makt i de foldede hender".