God morgon! Det er 50 år sidan no. Eg, gutungen Geir, sat på dei nokså harde benkane på det nokså nøkterne Skodje bedehus – og let adventssangen framfor alle bruse gjennom meg:
Se Han kommer! Jesus kommer!
Fikentreet står i blommer.
Vår forløsningstime kommer. Jeg vil
lytte etter lyden av hans trinn.
Eg elska den songen. Den hadde lys og luft og var lett å synge. Men endå eg var eit barn, det var innhaldet som lyfte meg, biletet av Han som ein gong skal kome att og rydde opp i det jordiske uføre:
Se Han kommer, han som alle tiders
floker løse kan, fredens morgen uten
skyer bryter inn! Ja han kommer, å
min sjel og setter alle ting i stand.
Jeg vil lytte etter lyden av hans trinn.
Slik vart den 2. adventsøndagen min favoritt og er det endå. Medan vi ventar på Barnet, syng vi om det Barnet skal bli: Oppfyllinga av den djupaste lengten i tilveret, hos alle menneske til alle tider, den som syng i heile skapningen, særleg heftig der mørket rår: lengten etter ein ny himmel og ny jord der rettferd bor. Jeg vil lytte etter lyden av hans trinn.
Det må seiast klart. Denne vona er ut over all synleg verkelegdom. Ho er ikkje ei forlenging av allminneleg optimisme. Vi veit meir om det vonde til å lite på framsteget. Vi må bokstaveleg tala sette vår lit til Gud, han som har elska jord og himmel fram og som pinest over alle tårer som uskuldige menneske gret.
Det er den kristne kyrkja og alle truande si største oppgåve: å halde denne vona oppe, å ikkje la seg dra ned av vondskapens mange sigrar, forkynne vona mot alle odds, la seg fylle av den til botnar og leve den ut i det eg vil kalle Den Kristne Levemåten. Den som i smått og stort gjer klart at det aldri er for seint. I dagens tekst samlar evangelisten Markus heile Jesu liv i to vers i kap. 1, 14-15.
Då Johannes var sett i fengsel,
kom Jesus til Galilea og forkynte Guds
evangelium og sa: Tida er komen,
og Guds rike er nær.
Vend om og tru på evangeliet!
Det er ikkje store fakter som skal til for å ta Gud på alvor. Det held å vere eit lengtande menneske som vender hjartet sitt mot han.
Geir Gundersen