Teksten er henta frå Jes. 43,16-19.
God morgon!
I går tala eg om det gode tilbakeblikket, om å øve seg i å sjå tilbake på livet i tru – og oppdage sporet av Guds kjærleik i det. I dag skal vi sjå på livet i eit anna perspektiv, og teksten vår er henta frå profeten Jesaja, kap. 43 der vi les:
"Tenk ikkje på det som hende før, gjev ikkje akt på det som ein gong var." Motsetninga til det gode tilbakeblikket er ikkje å leve i framtida, motsetninga er det destruktive tilbakeblikket, bokstaveleg tala å fortape seg i fortida.
Dei som profeten talar til, er Israels folk som sit ved Babylons elvar og gret. Dei er førte bort i vanære frå sitt eige land. Dei kan ikkje lenger søkje Gud i tempelet i Jerusalem.
Notida er heilt tom, og det gode som høyrer fortida til, berre aukar fortvilinga no. Dei kjenner seg fordømde og fortapte. Gud har gjeve dei i hendene på babylonarane og dømd dei til å leve utanfor hans kjærlege nærver.
Eg arbeider i Blå Kors. I den organisasjonen har vi bestemt oss for å sette inn alt vi rår over, ja, sette himmel og jord i rørsle for å hjelpe menneske som har rusproblem eller lever saman med nokon med rusproblem. I Blå Kors veit vi at den største hindringa for den gode forandring er det dårlege tilbakeblikket, å drukne seg sjøl i anklager.
Eg er ingenting. Eg er berre mitt livs nederlag. Eg har øydelagt livet for meg sjøl og andre, og annleis kan det ikkje vere.
Det er ein variant av det destruktive tilbakeblikket. Ein annan er slik: Eg er eit offer, eg kan ikkje vere noko anna enn eit offer for andre sine forsømingar mot meg: mor, far, skule, arbeidsplass, samfunnet, ja heile tilveret står meg imot. I Blå Kors kjenner vi konsekvensane av begge variantar av det dårlege tilbakeblikket: Eg er fortapt. Det er for seint.
Men vi veit og at det er noko som kan overvinne dette destruktive perspektivet, at det alltid er den same erfaringa som opnar døra til eit nytt liv, erfaringa av kjærleik og ansvar. Det er nokon som elskar meg og bryr seg om meg. Og: Eg kan ta ansvar for livet mitt slik det er.
Så seier Herren, han som gjorde veg gjennom sjøen: "Tenk ikkje på det som hende før, gjev ikkje akt på det som ein gong var! Sjå eg skapar noko nytt. No gror det fram. Merkar de det ikkje?"
Herre, du skapar av alltid nye ting, gi meg den nåde å forstå at det aldri kan vere for seint når du elskar meg.
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer Carola syngje Lina Sandells "O Jesus, åpne du mitt øye".