Hopp til innhold

Tenestemann

Det er det dramatiske høgdepunktet. Når Gud har sagt sitt og Engelen ventar på Maria sitt svar. Det er det dramatiske høgdepunktet: Stillheita før det menneskelege svaret, seier Geir Gundersen.

Geir Gundersen.
Foto: L. P. Lorentzen

Teksten er henta frå Lukas 1, 26-38

Bodskapsdag.

Eg veit ikkje kva det er med meg, men di eldre eg blir, di meir grip den meg denne scena frå Lukas 1: der engelen Gabriel møter den jødiske ungjenta Maria. Himmel møter jord, kvinne møter engel. Og i bakgrunnen står Marias mann Josef, usynleg i teksten, verkeleg i Marias liv.

Himmel og jord talar med kvarandre, Gud og mennesket. Denne samtalen når eit dramatisk høgdepunkt. Når scena er sett, når helsingane er gjevne, når saka, den vidunderlege og skræmande saka er lagt fram: Maria, Den Heilage Ande skal koma over deg, du skal bli med barn, du skal kalle han Jesus og han skal vere Guds Son. Når ungjenta sine spørsmål er stilt og svara, når ho forstår at ho er utvald. Kva svarar ho då?

Det er det dramatiske høgdepunktet. Når Gud har sagt sitt og Engelen ventar på Maria sitt svar. Det er det dramatiske høgdepunktet: Stillheita før det menneskelege svaret.

Kva vil ho svare, kva kan ho svare, her er det ho svarte: Då sa Maria: Eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå med meg som du har sagt.

Kan vi tenkje oss eit sterkare uttrykk for menneskeverdet enn engelens spørsmål: Maria, kan Gud få bli menneske gjennom deg?

Kan vi tenkje oss eit sterkare uttrykk for mennesket si storheit enn Marias frie Ja: Ja, eg høyrer deg til, ja eg gir meg over til din vilje Gud, du som elskar meg og vil nå menneska som du elskar gjennom meg.

Høyr korleis ei anna sterk kvinne, mor Teresa ber til Møya Maria: Maria, Jesu mor, gi meg ditt hjerte, så vakkert, så rent, så uplettet, så fylt av kjærlighet og ømhet.

Gjør meg skikket til å motta Jesus i livets brød, elske ham som du elsket ham og tjene ham i hans hjerteskjærende forkledning i de fattigste av de fattige.

Eg, Geir Gundersen, kjenner det sjøl: den naturlege redsla for å gje seg over, gje seg heilt i kjærlekens rørsle, til Gud. Kva kunne han ikkje finne på om han fekk min vilje heilt? Men med bankande hjarte og heilt fritt vil eg følgje Marias eksempel, for eg kan og smake og kjenne kor vidunderleg menneskeleg det er å vere overgjeven i kjærleik.

Så eg seier: Eg er din tenestemann. Gjer med meg som du vil. Og takk for den gode hjelp eg har fått gjennom arbeidet i Blå Kors: å tene deg i ”dine hjerteskjærende forkledninger” i de forlatte, forkomne, fortapte - og fattige menneske.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Anne Vada i salmen ”Vi synger med Maria” skrevet av Eyvind Skeie.

Hør andakten 25. mars 2008

Skog