Stord kyrkje

Stord kyrkje kan i år feire sitt 150-årsjubileum. Dette er ny-kyrkja, for det vart bygd kyrkje på Stord allereide rundt år 1350. 

Stord kyrkje
Foto: Privat bilete

 

 

Gudsteneste frå Stord kyrkje, Hordaland. Det er 21. søndag etter pinse. Teksten står i Mark. 10, 2-9.

 Biskop Ole D. Hagesæter. Prost Svein Arne Theodorsen. Kantor Jan Overweg.

Biskop Ole D. Hagesæther.

Biskop Ole D. Hagesæther.

Foto: Helge Helgheim. / NRK

Salmane frå Norsk salmebok: 272 - Hellig, hellig, hellig, 884 - Du alene har navnet Herre, 281 - Takk, gode Gud, for alle ting og 300 - No takka ale Gud.

 Sunnhordland kammerkor - dir. Tone Heide og Stord ungdomskor - dir. Reidun Hagenes og Liv Kari Bru.

Tekstlesar er klokkar Elling Sigveland, og på trompet høyrer vi Svein Roger Koppang.

Om kyrkja
Det er ikkje enkelt å finna ut når Stord kyrkje blei bygd. Me finn ho fyrst nemnd rundt 1350. Denne gongen heite ho Årland kyrkje. Om du har vore i Moster kyrkje, så kan ein vel seia at denne kyrkja liknar litt på den. Det er uråd å seia når Årland kyrkje blei bygd. B. E Bendixen meinar at ein stilen til kyrkja kan føra oss tilbake så langt som til 1050.

Svein Arne Theodorsen

Svein Arne Theodorsen

Foto: Privat bilete

Og etterkvart så meinte fleire at det var på tide med ei ny kyrkje. Grønning teikna ei ny kyrkje, som vart godkjent 4. april 1853. 17. mai1854 vart det skriven kjøpekontrakt mellom kyrkjeeigarane og Stord kommune om kjøp av den gamle kyrkja. Dette gjekk kyrkjeeigarane med på. Andre pinsedag 1855 etter gudstenesta vart kyrkja riven på dugnad! Det var ikkje snakk om å ta fint vare på inventaret i den gamle kyrkja.

Her var målet å få rive ho ned så fort som mogleg å få bygd ei ny og flott kyrkje. Difor vart alt som var av rosemåla, utskore, dekorert inventar og preikestol spreidd ut på bygdene. Kyrkjedøra hamna hos ein mann på Moster. I 1960- åra vart denne kome til rette på Sunnhordland folkemuseum

Det er ikkje berre presten som preikar i kyrkja. Huset sjølv har mykje å seia oss. Bilete, symbol og fargar fortel oss på ulike vis om den kristne trua. Bodskapen vert så å seia sendt på mange kanalar. Denne sida tek oss med på ei vandring i kyrkja. Vi vil sjå på kva huset har å seia oss.

Tårnet Kyrkjetårnet peikar mot himmelen, og minnar oss om desse orda frå Bibelen: "Søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand."

Jan Overweg
Foto: Privat bilete

Øvst på spiret står krossen. Ingen stad lyser Guds kjærleik klårare imot oss enn frå Jesu kross.

"For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv."

Difor vert krossen lyfta høgt, så alle kan sjå han. Til krossen på kyrkjespiret er det festa ein lynavleiar. Det er eit tankevekkande samantreff. I den kristne trua er nemleg krossen som ein slags lynavleiar for oss.

"Naglet til et kors på jorden
henger under vredens torden
himlens Herre og Guds Sønn."

På krossen tok Jesus på seg straffa for våre synder. Guds harme over uretten ramma han.

"Han vart såra for våre brot og sundbroten for våre synder. Straffa låg på han, så vi skulle ha fred, og ved hans sår har vi fått lækjedom."

I tårnet heng den gamle kyrkjeklokka. I meir enn 400 år har ho kalla til samling i Guds hus - fyrst i den gamle kyrkja, og så i den vi har no. På klokka står det på latin: "Verbum Domini manet in æternum" - "Guds ord vert verande til evig tid". I kyrkja skal Guds ord lyda både til tukt og trøyst for kvar ny generasjon.

Over korbogen
Vi går inn i kyrkja. Høgt over korbogen ser vi to englar som spelar på kvart sitt strengeinstrument.

"Halleluja! Lovsyng Gud i hans heilagdom, lovsyng han i hans himmelborg! Lov han for hans mektige verk, lov han for hans store velde!

Lov han med pauke og dans, lov han med strengespel og fløyte!"

Skulpturen midt over bogen syner Jesus saman med ein gut og ei jente. Han held hendene venleg og vernande om dei.

"Jesus elsker alle barna, alle barna på vår jord." Difor har borna ein sjølvsagt plass i Guds hus.

Til venstre står Johannes, ein av dei tolv læresveinane til Jesus. Han vart kalla kjærleikens apostel. I handa har han ein bokrull. Det er Johannes-evangeliet. Til høgre står Peter. Han held ein stor nøkkel. Jesus sa nemleg til han:

"Eg vil gje deg nyklane til himmelriket; det du bind på jorda skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen."

Peter og dei andre apostlane skulle gje evangeliet vidare til oss. Dette evangeliet løyser menneska frå synd og skuld. Men det held menneska fast ved skulda når dei ikkje vil venda om frå syndene sine.

Døypefonten
På døypefonten står Jesu ord om borna: "Lat småborni koma til meg, hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til."

Å bera eit barn til dåpen er å bera det til Jesus sjølv, til den levande og oppstadne. Så lit vi på at han tek imot borna og knyter dei til seg, slik som han gjorde då han vandra her på jorda.

Jesus sa at når det gjeld å koma til han, er det ikkje dei små som må verta store, men dei store som må verta små. "Sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det."

Over døypefonten ser vi ei due koma ned. Ho skin i gull. Dua er symbolet for Den Heilage Ande.

"Vår Gud og frelsar lét sin godleik og kjærleik til alle menneske verta openberra....Han frelste oss ved det badet som atterføder og fornyar ved Den Heilage Ande."

Bibelen fortel oss gong på gong at Gud handlar i dåpen. Han gjev oss del i det evige livet. Difor er døypefonten 8-kanta. Dette talet er symbol for sæla, altså det evige livet hos Gud. Tankegongen er denne: Livet her på jorda går sin gong veke for veke, alltid 7 dagar av gongen. Den åttande dagen er då æva.

"Og det er det evige livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus."

I dåpen tek Gud oss inn i denne fellesskapen med seg og med Jesus Kristus. Difor er det livsviktig at vi held fram med å fylgja Jesus på vegen gjennom livet. Elles hjelper det oss ikkje noko å vera døypte.

Midt i det gamle døypefatet er eit bilete av engelen Gabriel som kjem til Maria og fortel henne at ho skal bli mor til Jesus. Gabriel held ein liljestav i handa. Lilja er symbol for uskuld og reinleik. Fuglen med dei utspende vengene er ei due - altså Den Heilage Ande. Frå Anden går det strålar av kraft mot Maria. Engelen seier:

"Den Heilage Ande skal koma over deg, og krafta åt Den Høgste skal skyggja over deg. Difor skal òg barnet som vert født, vera heilagt og kallast Guds Son."

Biletet i døypefatet minnar oss om korleis Gud valde å koma til oss.

"Han som troner i sin høye himmel,
blir et svakt og ubeskyttet foster.
Det er nådens under mot vår verden!
Du være lovet, Kristus!"

Preikestolen
Framme på preikestolen ser vi eit lam med eit flagg. Lammet er eit bibelsk bilete på Jesus. Han er Guds lam, offerlammet som bar all verdsens synd. Flagget, med ein raud kross på kvit botn, er sigersflagget! Det er "det sigrande lammet" vi ser.

"Sigeren tilhøyrer vår Gud, han som sit på kongsstolen, og Lammet."

Lammet snur på hovudet og ser attover. Det ser om vi fylgjer etter. Jesus sa jo: "Fylg meg!"

Under Lammet står orda "Soli Deo Gloria" - "Gud aleine skal ha æra." På sidene er det bilete av ei løve, ei ørn, ein engel og ein okse.

Alle saman har venger. Det er dei fire skapningane som det står om i Johannes` Openberring - dei som utan stans prisar og takkar han som sit på kongsstolen:

"Heilag, heilag, heilag er Herren Gud, Den Allmektige, han som var og som er og som kjem."

Etter kvart vart dei fire òg ståande som symbol på evangelistane: Matteus (engelen), Markus (løva), Lukas (oksen) og Johannes (ørna).

Under himlingen på preikestolen ser vi ei due, slik som over døypefonten. Orda som vert forkynte frå preikestolen vil falla døde til jorda dersom ikkje Guds Ande er med og verkar i hjarto på dei som høyrer. Men Jesus har sagt at Gud gjerne gjev sin Heilage Ande når vi bed han.

På baksida av preikestolen finn vi symbol for nattverden: Kornaks og brød, druer og vin. Bokstavane IHS er dei fyrste bokstavane i namnet Jesus, slik det vert skrive på gresk (IHSOS). H`en er altså ein gresk E.

Ei anna tyding er òg mogeleg. Ho er ikkje så gamal som den fyrste. Då tenkjer ein utifrå det latinske språket, og les IHS som ei forkorting: Iesos Hominibus Salvator - Jesus, verdsens frelsar.

Anten vi les på det eine eller det andre viset, så høver det godt saman med symbola for nattverden. Nattverden er ein måte å vera saman med Jesus på. I brødet og vinen kjem han til oss med heile si frelse og all sin nåde.

Lysgloben
Globen svarar til jordkloden. Det store lyset representerar Jesus. "Eg er ljoset for verda. Den som fylgjer meg, skal ikkje ferdast i mørkret, men ha livsens ljos."

Vi kan tenna eit ljos for ein vi saknar eller be ein bøn for ein vi tenkjer på. Det er flamma frå det store ljoset som tennar dei små. Slik lyser Jesus inn i hjarto våre og tenner tru, von og kjærleik.

På sokkelen er to bokstavar lagt over einannan, I og X. Dei er forbokstavane til Jesus Kristus, slik det vert skrive på gresk.

Krossen med solskiva

Fleire stader i kyrkja ser vi ein kross med ei strålande sol attom: På kanten av galleriet, ved sidene av inngongen til koret, på himlingen over preikestolen og på to av messehaglane. Meininga er klår.

"Ditt kors, o Krist, ble verdens sol, dets lys ei grenser kjenner."

Retninga mot aust
Kyrkja vender mot aust, mot soloppgongen. Jesus er vår sol og vår glede. Vi ventar på at han skal koma attende til si såra jord og gjera alle ting nye.

Altarringen
Vi ser at alterringen ikkje er nokon heil ring. Når vi knelar under nattverden, tenkjer vi oss at ringen held fram i ein usynleg del. Der knelar dei kristne i andre land, og dessutan alle dei som har gått føre oss heim til Herren. Vi som samlast i Stord kyrkje er berre ein liten del av ein verdsvid og tidlaus fellesskap.

Fargane
Framom alteret heng eit stort klesstykke. Det har ein farge som svarar til tida i kyrkjeåret.

Fiolett er fargen for bot og førebuing. Vi nyttar han før høgtidene jul og påske, og dessutan på bots- og bededag.

Kvit er festfargen i kyrkja. Han tyder ljos, reinleik og glede. Han vert nytta i jula og påsketida, og på allehelgensdag.

Raudt står for Den Heilage Andens ild. Difor er dette fargen for pinsen. Dessutan er han hjartefargen som minner oss om Faderens kjærleik og om Jesu blod. I tillegg er han martyrane si farge, og vert nytta på minnedagane for Stefanus, apostlane og Olav den heilage.

Når det veks i naturen, vert det grønt. Difor er grønt fargen for vokster. Som kristne skal vi veksa i tru, von og kjærleik. Grønfargen nyttar vi i openberringstida etter jul og i den lange tida etter pinse.

Altaret og altarveggen
I midten lyser krossen imot oss. Krossen fortel oss om Jesu kjærleik som er sterkare enn døden.

"Han døydde så eg skulle bli
Guds eigen, glad og god,
og vinne himmelen til sist
på grunn av Jesu blod.

Ja, sone alle våre brot,
det kunne berre han.
Og einast han kan låse opp
ein port til livsens land.”

På altartavla står Jesu eigne ord: "Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera! Hjå meg skal de få kvila dykk ut!"

Det store biletet på veggen attom syner at Jesus står ved det han seier. Her står han med hendene utbreidd imot oss:

"Den som kjem til meg, skal eg så visst ikkje visa bort."

Han er kledd i ei raud kappe - det er kjærleiksfargen. Vi skimtar at ytterkappa er blå, og dessutan er heile biletet omgjeve av blått. Det er himmelfargen, sanninga si farge.

I Jesu hender og føter ser vi sårmerka frå krossen. Dei syner kva sigeren kosta han. Det er den oppstadne, levande Jesus vi ser - han som aldri skal døy meir.

"Frykt ikke mere! Evig er han med.
Troens øye ser det: Han gir liv og fred.
Kristi navn er ære, seier er hans vei,
evig skal han regjere, aldri frykter jeg.

Deg være ære, Herre over dødens makt!
Evig skal døden være Kristus underlagt."

Ved sida av Jesus ser vi den fyrste og den siste bokstaven i det greske alfabetet, alfa og omega.

"Eg er Alfa og Omega, den fyrste og den siste, opphavet og enden."

Der Jesus står, renn det fire bekker med klårt, reint kjeldevatn. Grøne vekstar veks fram.

Ein gong rann ei elv med fire greinar ut frå Edens hage. I Johannes` Openberring står det skildra korleis det skal verta når Jesus kjem att:

"Engelen synte meg ei elv med livsens vatn; klår som krystall renn ho ut frå kongsstolen til Gud og Lammet...

Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje."

Til dette svarar dei gamle orda i Salmane: "Hjå deg er livsens kjelde, i ditt ljos ser vi ljos."

Vi ser med det same at Jesus er omgjeven av eit gyllent ljos.

Regnbogen er teiknet på Guds vernande truskap heilt ifrå den gongen han stifta pakta med Noa.

"Livet og døden, ja, alt er forvandlet!
Dåps-vatnet gjenspeiler regnbuens pakt.
Troen er gitt oss: Guds rike skal seire!
Mørket som binder oss, mister sin makt."

I bakgrunnen ser vi den heilage byen. Det er byen der Gud har sin bustad. I Johannes` Openberring les vi om når Jesus kjem attende, og korleis det vert for dei som har namnet sitt skrive i livsens bok hos han:

"Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, budd som ei brur som er pynta for sin brudgom. Frå kongsstolen høyrde eg ei høg røyst som sa: "Sjå, Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hjå dei, dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå dei. Han skal turka kvar tåre frå augo deira, og døden skal ikkje vera meir..."

Guds kyrkje på jorda er eit folk som er undervegs. Målet lyser. Vi er på veg heimover.

Sluttord 
No har vi ført til endes vår vandring i kyrkja. Kyrkjehuset har forkynt evangeliet for oss. No høver det godt å avslutta vandringa med eit vers frå salmeboka:

Du har blant oss din kirke
grunnfestet, Herre kjær.
Alt godt du ville virke
i menigheten her.
La her oss i ditt hus
i troskap mot deg vandre
og følge Ordets lys!

Desse opplysningane er henta frå heimesida til Stord kyrkjelyd.

Høyr gudstenesta frå Stor kyrkje 21. oktober 2007.