Hopp til innhold

Som ljos

Kva betyr det for meg og deg at Jesus idet han blir forkasta står fram som den som elskar verda, spør Geir Gundersen.

Stearinlys
Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

God morgon!

Eg les setningane til Jesus frå Johannesevangeliet, kap. 12 om og om igjen. ”Som ljos er eg komen til verda. Som ljos er eg komen til verda.” Eg ser han stå på ei høgde og rope ut, like før han skal arresterast og torturerast. ”Eg er ikkje komen for å døme verda, men for å frelse verda.”

Eg høyrer han ta i, rope med endå høgare røyst for å nå dei som har snudd ryggen til han. ”Om nokon høyrer orda mine og ikkje tek vare på dei, så dømer eg han ikkje… for som ljos er eg komen til verda, så den som trur på meg, ikkje skal verta verande i mørkret.” Eg les, høyrer, tenkjer.

Kva betyr denne kjærleiken til verda? Kva betyr det for meg og deg at Jesus, i det han blir forkasta, avvist – står fram som den som elskar verda? Han har fått kjærleiken frå sin far, seier Jesus. ”Den som ser meg, ser han som har sendt meg.” Kjærleiken til verda er Gud. Gud er kjærleiken til verda.

Slik ei mor elskar sitt ammande barn, seier Bibelen. Slik elskar Gud verda. Slik ein bestefar elskar sitt leikande barnebarn, hermar eg, frå eit nytt djup av menneskeleg erfaring. Slik elskar Gud verda. Berre så mykje meir, så mykje meir omfattande, så mykje sterkare i intensitet.

Eg har nettopp kome heim frå ei reise til India som representant for Det Internasjonale Blå Kors. Då må eg tenkje slik om Guds kjærleik: Han elskar kvart einaste gatebarn i Mumbai høgare enn eg elskar mine barnebarn. Han kjenner kvar enkelt betre enn eg kjenner Sofie, Jens og Mats. Det finst ingen stader i verda der han ikkje er. For han finst det ingen framande kulturar. Han er einskapen i alle dei menneskeskapte forskjellane, dei berre aukar fryden og songen i hans kjærleik.

Han tørstar etter fellesskap med dei han elskar. Og særleg elskar han dei som har rota seg bort, som har snudd seg frå han, som ikkje vil vite av han. Det og kjenner vi frå familiekjærleiken. Men i Guds kjærleik finst det ikkje familiegrenser. Og når hans kjærleik blir avvist, stig den berre i intensitet.

Som ljos er eg komen til verda, seier Jesus. Også til di og mi konkrete verd denne morgonen. Ikkje for å døme, men for å frelse. Eg trur eg anar litt meir kva det betyr.

Skog