Teksten er henta frå Matt. 23, 37-39.
Det rasa ein brann over prærien. Flammane fekk godt tak i det tørre graset og spreidde seg med stor fart. Folk og dyr kom seg unna så fort dei kunne.
Men ei høne som trippa rundt i tunet med kyllingane sine, var ikkje rask nok. Ho visste ikkje kvar ho skulle springa, og kunne ikkje få dei små fort nok med seg. Så gjorde ho det ho kunne: Samla kyllingane rundt seg, breidde hønevengene sine over dei, krøkte seg saman og verna dei små mot logane og varmen. Etter at brannen var sløkt, fann dei ei svartbrend høne på gardsplassen mellom svidd gras og brende plankar. Men då dei sparka borti høna, kom den vesle kyllingflokken hennar trippande fram, uskadd og berga.
Eg kom på denne vesle historia frå min barndoms bedehusmøte då eg las teksten i Matteus 23, der Jesus seier:
"Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine, som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje. Så høyr: Audt og tomt skal huset dykkar verta. For eg seier dykk: De får aldri sjå meg meir før de seier: Velsigna vere han som kjem, i Herrens namn!"
Det er underleg at Jesus gjer slik stas på ei høne at han samanliknar seg med henne! Høna, med den vesle hjernen i det ørvesle hovudet, er vel ikkje den mest skarpskodde i dyreverda. Men sjå korleis ei høne vernar sine små. Større og meir intelligente dyr må passast når dei skal få ungar så dei ikkje gjer skade på avkommet sitt. Men høna tar vare på sine, samlar dei under vengene, varmer dei, liver mot vinden og nattekulden, skjuler dei for hauken. Hennar omsorg gjer henne villig til å ofra seg sjølv.
Ei slik omsorg, og ein slik kjærleik, er det Jesus viser oss. I påskeforteljingane blir denne kjærleiken tydelegare enn nokon annan stad.
Ingen har større kjærleik enn den som gir livet sitt for venene sine, sa Jesus. Han gjorde det, han gav livet sitt for å berga menneska frå evig ulykke.
Jesu kjærleik overgår sjølvsagt hønas morsinstinkt. Jesus visste at kjærleiken til menneska ville kosta liding og hån og død. Likevel valde han å setja livet inn for å berga dei han elska. Og han ber på ein hønemor-lengsel etter sine: "Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine, som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje," seier han.
To sider ved sin store kjærleik viser Jesus oss, ved hjelp av ei høne: offerviljen og lengten! Folket i Jerusalem ville ikkje sjå at dei var elska. Men Jesus viser i påska at hans kjærleik rekk langt utanfor Jerusalems bymurar. Hans vernande vengefjører omfattar også oss. Viss vi vil.
Vil du skrive e-post til Vigdis Berland Øystese, kan du gjere det her.
* * * *
Vi høyrer Bodø Domkor syngje Blix-salmen "So elska Gud oss".