NRK Meny
Normal

Smak av friskt liv

No vil eg takke Gud særleg for ein relasjon, at eg får vere bestefar til tre. Desse små er svært viktige hjelparar for deg, i ditt arbeid med meg, Gud, seier Geir Gundersen.

Geir Gundersen.
Foto: L. P. Lorentzen

Teksten er henta frå Luk. 16, 10-13

God morgon!

Det var dette med den kristne levemåten.

I går underviste eg om den, om å vere barn av Himmelriket, om å leve ut frå Himmelriket på jorda, om kor mykje det betyr korleis dei truande lever.

I dag må det bli bøn, mi bøn - og først ei vedkjenning slik eg finn den hos Karl Rahner:

"Herre, gå ikke fra oss, For vi er syndere. Du hverdagssyndernes Gud, de unnfalnes, de slappes Gud våre synder er ikke noe oppsiktsvekkende, bare de vanlige småtterier så alminnelige at vi nesten hadde glemt dem, særlig hvis vi glemte deg.

Du, allerhelligste Du, synderes Gud de lunknes Gud, de likegyldiges Gud ha miskunn med oss. AMEN."

Kjære far!

Miskunne deg over meg og dra meg inn i deg, inn i den kristne levemåten.

Gi meg å elske det livet eg fekk, det livet eg får kvar stund, gi meg å smake og sjå og kjenne deg i alt som møter meg. Eg takkar deg for alle dei relasjonane du har sett meg inn i, denne veven av trådar som er livet mitt.

Men no vil eg takke deg særleg for ein relasjon, at eg får vere bestefar til tre: til Sofie, til Jens, til Mats. Eg kom til å tenkje slik at desse små er svært viktige hjelparar for deg, i ditt arbeid med meg. Berre den måten dei ser meg på: ikkje generalsekretæren i Blå Kors, ikkje presten og forkynnaren, ikkje han som meiner og tek initiativ og styrer og leier, men bestefar Geir.

Eg takkar deg for deira kjærleik, men særleg for at dei tek så heilhjarta mot min.

At dei er så overtydde om at det eg aller helst vil på denne jorda er å vere saman med dei, leike med dei, tulle med dei, ete i lag med dei, sove i same rom som dei og vakne saman med dei. Eg takkar deg, far, for alt dei lærer meg om det som verkeleg teller og at dei har denne evna til meisterleg å ta meg ut av plikt og arbeidstankar og sysselsette meg fullstendig med dei.

Herre er det kanskje her nøkkelen ligg til meir av ein kristen levemåte for Geir Gundersen?

Amen.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Maj Britt Andersen syngje ”Bestefar”.