NRK Meny
Normal

Skaparverket fortel

Guds vitnemål i Skaparverket er vidunderlege. Dei gir glede og ærefrykt og føder tilbeding og tru.

Vigdis Berland Øystese.
Foto: NLA (for NRK-andakten).

Teksten er henta frå Romarbrevet 1, 1-25.

Ein sovjetisk kosmonaut vert gjerne sitert på at han ikkje såg Gud då han oppheldt seg i verdsrommet. I ein ateistisk stat og i ei sekulær verd, var det ei populær utsegn. Andre seier at dei aldri er så nær noko guddommeleg som når dei er ute i naturen, ikkje minst når dei står under stjernehimmelen og ser innover mot eit endelaust himmelrom.

Paulus seier i Romarbrevet 1 at Guds usynlege vesen, ”både hans evige kraft og hans guddom, har menneska kunna sjå og skjøna av gjerningane hans heilt frå verda vart skapt”. Dei kjende den uforgjengelege Gud, seier han, men likevel æra og takka dei han ikkje, men laga sine eigne gudar av forgjengeleg materiale. ”Med sine tankar enda dei i det som ingenting er, og deira uforstandige hjarte vart formørkte. Dei påstod dei var kloke, men dei enda i dårskap”, seier Paulus.

Men Gud har ikkje berre tala gjennom skaparverket sitt. Han har også brukt ord som menneske kan forstå. Guds lov og vilje er forkynt for menneskeborna så dei skal kunna leva godt og rett på jorda. Guds ord er omsett til mange ulike språk slik at dei fleste menneske i verda skal kunna høyra og lesa det i ei forståeleg form.

Sjølv er Paulus sett til apostel og forkynnar av Guds evangelium. Evangelium tyder ”glad bodskap”; heilt ny er ikkje denne bodskapen, profetane og dei heilage skriftene har varsla om det som skal henda. Skilnaden er at no har det hendt! Lovnadene og spådomane har fått eit namn og ein personlegdom; Ordet er blitt kjøt. Evangeliet handlar om Guds ”Son, Jesus Kristus, vår Herre, komen som menneske av Davids ætt og stadfest ved heilagdoms Ande som Guds mektige Son ved oppstoda frå dei døde”, som Paulus seier.

Paulus er full av iver over oppdraget sitt; han ser fram til å koma til Roma for å forkynna der, men enn så lenge skriv han på pergamentrullen, dei viktige orda om Guds handling i verda gjennom Sonen sin, Jesus Kristus, og om hans frelsande nåde.

Guds vitnemål i Skaparverket er vidunderlege. Dei gir glede og ærefrykt og føder tilbeding og tru. Guds Ord i dei heilage skriftene og gjennom dei utvalde profetane i gamal tid, gir råd og trøyst og innsikt. Og dei skaper von om det som kjem.

Men framom alt står det at Gud gjorde seg synleg for oss gjennom Sonen sin, at han døydde og stod opp for menneska si skuld, og at han vender seg innbydande til oss gjennom ei opa himmeldør. Det er evangeliet.

”Eg skammar meg ikkje over evangeliet”, seier Paulus. ”Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur”.

Skriv til Vigdis Berland Øystese her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Arild Boge syngje Haldis Reigstads ”Ved Kjelda”.

Høyr andakten 1. februar.