God morgon!
Ifølgje kalenderen er den 30. november og Andreasmesse, apostelen Andreas sin dag. På gresk tyder namnet hans den mandige. Ifølgje tradisjonen levde mannen opp til sitt namn. Han var misjonær i Hellas og døydde martyrdøden ca. år 60.
Lik sin meister Jesus vart han hengd på eit kors, eit krysstilt kors, seinare kalla Andreaskorset. Denne morgonen minnest vi såleis eit menneske – og gjennom han alle menneske – som sette livet inn for si tru.
Det same djupe alvor møter vi i dagens tekstord frå Salme 24:
"Jorda og det som fyller henne, verda og dei som bur der, alt høyrer Herren til. Kven kan stiga opp til Herrens fjell, kven får stå på hans heilage stad?
Den som har skuldfrie hender og eit reint hjarte, den som ikkje fer med svik og ikkje med vrang eid, han får velsigning frå Herren og rettferd frå Gud, sin Frelsar.
Her er det folk som spør etter Herren, som søkjer ditt åsyn, Jakobs Gud."
Høyrer du til dei som kjenner lengten etter Gud? Som veit at du er ein søkar, men ikkje kjenner deg heime i dette selskapet, dei som har skuldfrie hender og eit reint hjarte som som er utan svik?
Høyr: Den som søkjer, skal finne. Den som bankar på, for han skal det latast opp. Og den som set livet inn for sine djupaste behov, han skal finne livet.
Vi veit ikkje mykje om Gud, heller ikkje vi som trur. Men eg vågar å seie: På eitt punkt er han som oss. Han elskar å bli elska. Han tørstar etter å bli tørsta etter. Han lengtar etter vår lengt. Og hans djupaste behov er å kome i kontakt med våre djupaste behov.
Slik må det vere. For vi er eitt. Han som gav oss livet. Og vi som fekk det. Det er djup som ropar etter djup. Vi er skapte til å søkje han som vi kjem ifrå, som vi tilhøyrer. Inga makt kan stengje porten til ditt hjarterom når du let din eigen lengt opne den. Det reine hjartet er det som opnar seg for han.
Gjer døra høg. Gjer porten vid. Ikkje ved muskelmakt, heller ikkje åndeleg muskelmakt. Når lengten blir retta direkte mot sitt objekt, går hjartedøra opp.
"Lyft dykkar hovud, de portar, ja, lyft dykk, de eldgamle dører, så kongen, den herlege, kan dra inn!
Kven er kongen, den herlege? Det er Herren, sterk og mektig, Herren, den sterke i strid."
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer Nidarosdomens guttekor i adventsalmen "Gjør døren høy". På orgel høyrer vi Øyvind Kåre Pettersen.