Teksten er henta frå Neh. 9, 12-21.
God morgon!
Å tru er å leve i eit kjærleiksforhold, eit kjærleiksforhold til Gud. Difor er tru først og fremst ei praktisk sak, å øve seg i å leve i eit forhold, å pendle mellom nærleik og distanse, å røre på seg i kjærleikens rom.
I dag vil eg peike på den praktiske trusøvinga som heiter: å sjå seg tilbake – og tenke over det ein ser.
Ein vis mann har sagt at det fins ei form for dagleg bøn som du ikkje kan klare deg utan, som du treng for livet: å sjå tilbake på dagen i tru:
Korleis vart denne dagen? Kva let Gud meg erfare i dag? Kva gav meg glede, inspirasjon, lyfte meg opp? Kva var det som skurra, drog meg ned, tømde meg for kraft?
Å sjå seg tilbake i tru er ei god øving i kjærleikslivet med Gud. Å sjå på sitt eige liv med ømheit og varheit, slik Gud ser på oss. Å sjå det lyse og det mørke med det blikket, det er å øve seg i å tru.
Ein gong fekk eg ei stor gåve frå Gud. Eg fekk høve til å vere lenge saman med han i stillheit og bøn. Eg fekk høve til det lange tilbakeblikket, eg fekk sjå tilbake på heile livet mitt så langt, i tru.
Det var ei spanande reise. Tenk at det kunne vere så mykje liv å hente i å sjå bakover, på det som hadde hendt meg. Eg fekk reise i det som var mitt livs landskap, eg fekk bli kjent på nytt med høgder og djupner, rolege vegstykke, korsvegar, krappe svingar.
Og det eg fekk sjå er det same som alle menneske får sjå når dei ser tilbake på livet sitt i tru, men no fekk eg erfare det som den djupaste sanninga om livet mitt: korleis Gud hadde ført meg heile tida, korleis han hadde berga meg når eg var i livsfare eller i fare for å gjere stor skade på andre.
Slå opp i Nehemja kap. 9. Der får du følgje Israels ætt når dei samlar seg i botsklede og med mold på hovudet "for å sanne syndene sine og misgjerningane åt fedrene sine", står det. Det blir eit langt tilbakeblikk på Guds kjærlege leiing av folket:
Du leidde dei som ei skytstøtte om dagen, om natta let du ei eldstøtte lysa på vegen dei skulle gå¨.
"Men fedrane våre var eit stolt og stridlyndt folk, dei høyrde ikkje på dine bod. Stridlyndte var dei og sette seg føre å fare attende til trældomen i Egypt.
Men du er ein Gud som tilgjev, du er nådig og mild, langmodig og rik på miskunn, og du gjekk ikkje ifrå dei."
Ikkje ver redd for å sjå deg tilbake. Du kan berre oppdage meir av kor høgt du er elska.
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer Anita Skorgan som hadde sett tonar til Erik Bye sin "Blå Salme".