NRK Meny
Normal

Sjå etter det som er varig

Bibelteksten i dag er frå eit brev. Johannes heiter avsendaren, brevet har kanskje vore skrive på pergament, og vi veit ikkje om han skreiv sjølv eller hadde sekretær. Andaktshaldar torsdag 19. mars er Vigdis Berland Øystese.

Gammelt brev
Foto: Rune Jensen / NRK

Det er langt mellom breva no til dags. I alle fall brev som ikkje har ein formell karakter eller ber om innbetaling, påmelding eller kjem med salstriks. Vakkert brevpapir, parfymerte konvoluttar og sjeldne frimerke er ikkje akkurat det som fyller postkassane våre. Vi har andre måtar å kommunisera på.


Men brevsjangeren er gamal, og det har vore skrive brev på mangslags materiale. Dei gamle egyptarane skreiv på papyrus; romarane og grekarane gjerne på vokstavler. Men ein kunne skriva på stein og leire også.

Bibelteksten i dag er frå eit brev. Johannes heiter avsendaren, brevet har kanskje vore skrive på pergament, og vi veit ikkje om han skreiv sjølv eller hadde sekretær. Johannes var ein av Jesu apostlar eller læresveinar, og den einaste som ikkje vart teken av dage av motstandarar. Men han vart forvist til øya Patmos, og der var han truleg medan han skreiv dei tre breva som finst etter han i Det nye testamentet.


Johannes skriv, til unge og gamle, til foreldre og born. ”De har vunne over den vonde”, seier han til dei unge, ”de er sterke. Guds ord blir verande i dykk.” Han skriv til fedrane ”fordi de kjenner han som er frå opphavet” og til borna ”fordi de har fått syndene tilgjevne for hans namn skuld”.

Johannes har noko viktig på hjarta: ”Elsk ikkje verda og heller ikkje det som er i verda! Den som elskar verda, har ikkje kjærleiken til Far i seg. For alt her i verda – lysta i kroppen, lysta som styrer auga og skrytet av det ein eig – det er ikkje av Far, men av verda. Verda forgår med all si lyst, men den som gjer Guds vilje, blir verande til evig tid”. Det skriv han.

Underlege ord, synest no vi. Skulle det vera så gale alt her i verda? Har ikkje denne Far som Johannes talar om, skapt verda med alt som er i henne? Og har han ikkje skapt mennesket med det som bur i det, av lyst og glede? Skulle det vera problematisk å bry seg om verda og alt ho tilbyr? Er det ikkje berre naturleg? Ja, jamvel godt? Og har vi ikkje fått nok av kroppsfiendlege kyrkjelege fintar opp gjennom historia? Nei, den Johannes, den Johannes. Han er gått ut på dato for lengst!


Men la oss stoppa litt før vi skrotar Johannes! For han har noko så viktig å seia at han skriv brev frå fangenskapet. Han ber oss å sjå etter det som er varig; det som varer lenger enn augas lyst og munnens skryt, det som rekk forbi det vi eig, og det vi kan nyta. Det som er evig. Han skriv: ”Den som gjer Guds vilje, blir verande til evig tid”.


Vi er i fastetida; ei tid som oppfordrar oss nettopp til å ha større fokus på det vi treng, enn det vi har lyst på. Det kan handla om vår eigen kropp, det kan handla om menneska vi lever blant, det kan handla om jorda vi bur på. Men det kan også handla om det evige. Det meiner Johannes kan vera verd eit brev!