God morgon. Første dag i desember. Eg tenner adventlyset. Mange av oss treng utsikt til lysare tider, for å komma gjennom tussmørke dagar med motet i behald. Tenkjer på ein godvêrsdag i september. Eller stundar mot ein blank marsettermiddag, når sola lokkar fram trua på vår igjen. Men ennå er det dunkelt.
Aids-dagen i verda er det i dag. Meir enn 40 millionar er hiv-positive, flest i Afrika sør for Sahara. Særleg mange av dei som har utdanning, som skulle fylla arbeidsliv og samfunnsoppgåver. Dette er ein epidemi. Stadig fleire blir kraftlause, døyr. Ungar blir åleine.
Storsamfunnet har ikkje kapasitet til å ta seg av alle foreldrelause. Dei kan håpa der er ei bestemor som orkar. [object]- Gravferder er det einaste me har å feira nå for tida, sa ei kvinne utanfor Durban i Sør-Afrika. Jo, det er mørkt. Bibelteksten for denne dagen er frå den første sida i Bibelen:
"Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei. .. Og Gud skoda alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt. (1 Mos 1, 27+ 31) Kor flott er eit menneske? Rembrandt og andre store malarar frå 15- og 1600-talet har laga eit bilde som heiter "Ecce homo" - det betyr: sjå dette mennesket. Orda er Pontius Pilatus sine. Motivet er Kristus, med tornekrone og purpurkåpe.
Han står overskylla av hat og forakt. 'Og sjå, det var overlag fælt', seier bildet. Mange aids-sjuke ber ei ekstrabør av skam. Skamma får næring av andre menneske si forakt og utstøyting. - Hadde du fylgt den seksualmoralen me preikar, så hadde du ikkje vore i den situasjonen du er i, høyrer den aids-sjuke. [object]Mange av oss treng utsikt til lysare tider, for å komma oss gjennom tussmørke dagar med motet i behald.
To lyspunkt skal adventlyset minna om: Det første: Kvart menneskeliv er frukt av Guds gode vilje. Ingenting kan endra det. Det andre: For vår skuld, for å vera eitt med dei som lir, tok Jesus " på seg ein tenars skapnad, og vart menneske lik" (Fil 2, 7). Han som var forakta, "dette mennesket", er den same som blei reist opp frå grava, som vann herlegdom. Sånn er det.
Vil du skrive e-post til Jon Ådnøy, kan du gjere det her.
* * * *
Vi høyrer "What a wonderful world" med Louis Armstrong.