NRK Meny
Normal

Sant og godt

Den som vender seg til Gud, vert også mint om å gjera godt og rett mot sine medmennske og om å venda om frå urettferd og egoisme, seier Vigdis Berland Øystese.

Vigdis Berland Øystese.
Foto: NLA (for NRK-andakten).

Teksten er henta frå Luk. 3, 10-14.

Det står ein underleg person i det tørre landskapet. Han ser ut som ein villmann; går kledd i ei kamelhårskappe, er mager, brend av sola, skjeggete og langhåra, og han ropar i øydemarka og i heile Jordan-landet: ”Rydd veg for Herren, gjer stigane hans rette! ... Alle menneske skal sjå Guds frelse”.

Det er Johannes, son til Sakarja og Elisabeth som så uventa vart foreldre på sine gamle dagar. Johannes var slikt eit etterlengta barn, ei sløkt von som vart kjøt og blod, eit mirakelbarn hjå to gamle som kunne vore besteforeldre for lengst.

Men no er det femtande styringsåret til keisar Tiberius, og Guds ord har kome til Johannes i øydemarka, og han har byrja ropa til folket: ”Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den straffedomen som skal koma? Så ber då frukt som svarar til omvendinga! ... Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden”.

Og folk strøymer til Johannes i hopetal. For å bli døypte i Jordan-elva. For å sjå og høyra denne underlege mannen, for å lytta til dei strenge orda hans.

For å høyra han tala om omvending til eit betre liv, eit liv med større rettferd, meir miskunn; eit liv meir i samsvar med Guds vilje. For noko skal skje, og folket må førebu seg på å møta sin Gud, venda sinn og kropp og haldningar mot noko anna enn det som tener eigeninteressa. Lukas fortel slik:

”Kva skal vi då gjera?” spurde folket. Han svara: ”Den som har to kjortlar, skal dela med den som ingen har, og den som har mat, skal gjera det same.” Det kom òg nokre tollarar og ville bli døypte. Dei spurde: ”Meister, kva skal vi gjera?” ”Krev ikkje inn meir enn det som er fastsett,” svara han. ”Og vi, kva skal vi gjera?” spurde nokre soldatar. Han svara: ”Truga ikkje pengar frå nokon med vald eller falske skuldingar, men ver fornøgde med løna dykkar.”

Moderne ord frå den underlege heilag-mannen der i øydemarka. Ord som treffer også oss, vi som har langt meir enn to kjortlar, og overflod av mat, men vanskeleg for å dela. Ord til oss som gjerne vil ha meir, endå vi har nok, og som tenkjer på oss sjølve, når det er andre som treng omtanken vår.

Johannes peika bort frå seg sjølv, han peika på Gud, på Kristus som han var vegrydda for, og som no var nær. Johannes peika omkring seg på menneske som trong rettferd og miskunn, og han peika på samvitet hjå den enkelte som lytta. For det er ein samanheng der.

Den som vender seg til Gud, vert også mint om å gjera godt og rett mot sine medmennske og om å venda om frå urettferd og egoisme til det som er sant og godt.

Frå evangelieteksten peikar Johannes framleis, bort frå seg sjølv, mot Gud, mot samvitet og mot fellesskapet.

 

Skriv til Vigdis Berland Øystese her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Siri Nordli leirvik med den skotske folkemelodien "Makten og mennesket".

Høyr andakten 23. juli.