NRK Meny
Normal

Røysta for homofile

Åse Grønlien Østmo har kjempa for at homofile som lever i partnerskap, skal få vigsla stillingar i Den Norske Kyrkja. Det røysta ho også for på Kyrkjemøtet.

Åse Grønlien Østmoe
Foto: Ole Martin Sponberg / NRK

Åse Grønlien Østmo har vore nestleiar i Senterpartiet og ordførar i Åmot kommune i Hedmark.

Partipolitikk gav ho seg med for fleire år sidan, men kyrkjepolitikk er ho framleis engasjert i.

Denne veka er Åse Grønlien Østmo delegat for bispedømet sitt, på Kyrkjemøtet i Øyer. Der har ho kjempa for at homofile som lever i partnerskap, skal få vigsla stillingar i Den Norske Kyrkja.

Det skjedde i de dager 17. november 2007.