Hopp til innhold

Rettleiing og oppmuntring

Formaning er ingen lett sjanger! Vi likar ikkje at nokon formanar oss, korkje skriftleg eller munnleg. Formaningar skaper ofte uvilje og motstand, seier Vigdis Berland Øystese.

Vigdis Berland Øystese.
Foto: NLA (for NRK-andakten).

Teksten er henta frå 2. Kor. 13, 7-13.

Det er ikkje så ofte vi får brev lenger. Jau, vi får sjølvsagt slike med vindauge, eller med formelt påskrive namn og adresse; brev med rekningar og kontoutskrifter og personleg reklame med ekstraordinære tilbod ”berre til deg”.

Men personlege brev, der ei hand har skrive namnet ditt og adressa på utsida av ein konvolutt som kanskje er fora eller har farge og i somme tilfelle jamvel duft... Og inni, små utgreiingar om det som har hendt sidan sist, kanskje ein løyndom som du er den første som får vita, ei stor glede eller ei djup sorg, eller ei varm erklæring.

Kanskje formaningar frå eit menneske som har levd lenger enn deg og vil deg vel, gode råd i ein vanskeleg situasjon, prega av omsorg og kjærleik. Og mange gode ønske om at du må leva vel og la høyra frå deg snart. Slike brev er sjeldne.

Apostelen Paulus skreiv brev, og vi har tretten av dei i Det nye testamentet. Dei er ikkje akkurat fulle av ditt og datt om laust og fast. Paulus underviser og formanar, oppmuntrar og oppfordrar. Breva er konsentrerte om mottakaren, lesaren, og dei er prega av omsorg og kjærleik.

Korint, vest for Aten, var den fjerde største byen i Romarriket på Paulus si tid. Byen var kjend for sin store rikdom og sine mange tempel, men også for utskeiingar og umoral. Paulus sende kyrkjelyden i Korint to brev som finst i Det nye testamentet.

Opp gjennom hundreåra har den kristne kyrkja lese desse breva, og dei andre breva i Bibelen, som om dei var skrivne til dei. Det er ikkje private, men oppbyggelege brev med ei lang verknadshistorie.

Ved avslutninga av det andre brevet til kyrkjelyden i Korint, skriv Paulus

at han og dei som er saman med han, ber for kyrkjelyden, at dei ikkje må gjera det som er vondt, men tvert om gjera det som er godt. Og han ber om at dei må nå fram til større mognad.

Han har tenkt å koma og vitja dei, og han vil gjerne formana dei før han kjem, så han skal sleppa å vera så streng i tonen når han når fram til dei. For han har fått fullmakt frå Herren til å oppdra forsamlinga i Korint. Men det er ei fullmakt han har fått for å byggja opp, ikkje for å riva ned, seier han.

Formaning er ingen lett sjanger! Det veit alle som har prøvd seg på å formana nokon, og det veit alle som har måtta lytta til formaningar. Vi likar ikkje at nokon formanar oss, korkje skriftleg eller munnleg. Formaningar skaper ofte uvilje og motstand.

Difor er det viktig for Paulus å visa at han handlar i omsorg og kjærleik, og med fullmakt frå Gud, ikkje som ein betrevitar som får alt til sjølv. Det får våga seg om han er svak, seier han, berre dei er sterke.

Og han smyg eit smil inn i formaninga ved brevets slutt:

”Til slutt sysken, gled dykk! Ta imot både rettleiing og oppmuntring! Ha eitt og same sinnelag, hald fred med kvarandre, så skal kjærleikens og fredens Gud vera med dykk”

Skriv til Vigdis Berland Øystese her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi hører Petter Dass-salmen "Om alle mine lemmer" med Odd Nordstoga.

Høyr andakten 27. juli.

Skog