“Religion er opium for folket". Denne kjente setninga vart sagt av Karl Marx. Han meinte at det kristne håp er flukt frå kvardagen, at religionen fører til at folk blir opptatt med evigheta og ikkje med den urettferdige verden som dei har rundt seg. Håpet sløvar ned menneska og fjernar dei frå utfordringane i kvardagen.
Før syntes eg dette var et brukbart argument som kunne ha noko for seg, men eg har forandra meining. Det er rett og slett ikkje sant at det kristne håpet er ei flukt. Vi har heller falt i den grøfta at vi har for lite håp over liva våre. For håpet gir livet her på jorda det rette perspektiv.
Å sjå langt nok fram kan av og til gjere dei nære problema mindre. Når du er ute og syklar, f.eks., treng du å halde blikket festa langt framfor deg, ikkje på hola og småhumpane rett framfor sykkelen. For elles hamnar du lett i grøfta eller i ein murvegg. Slik treng vi også her på jorda å ha blikket retta mot himmelen.
Det er ikkje virkelighetsflukt, men det er å få det rette perspektiv på virkeligheta. Då ser vi at meininga med livet ikkje er det vi har av ytre ting, det vi kan skaffe oss eller kva vi kan prestere. Vi ser at det vesentlige i livet blir kva vi eig som Guds barn her og no, og det vi ein gong skal få i det evige livet. Og då blir ein også fri til å leve for andre, til å gjere ein innsats for fred og rettferd her i denne verda.
Dei menneska eg møter som har et sterkt håp, er også dei som engasjerer seg i denne verda på ein god måte. Som f. eks. Dietrich Bonhoeffer, den tyske presten som blei fengsla og drepen for sin motstand mot Hitler. Det håpet han eigde gjorde han til ein forkjempar for fred og rettferd. Hans siste ord før dei hengte han var: "Gud, dette er slutten, men for meg er det bare byrjinga."
Bibelteksten for denne dagen, martyrdagen, minner oss om dette håpet: “Deretter såg eg ein flokk så stor at ingen kunne telja han, av alle folkeslag og ætter, av alle folk og tungemål. Dei stod framfor kongsstolen og Lammet, kledde i kvite klede og med palmegreiner i hendene. Og dei ropa med høg røyst: Sigeren tilhøyrer vår Gud, han som sit på kongsstolen, og Lammet." (Åp. 7, 9-10)
Så blir spørsmålet: kven er desse i kvite klede? Korleis har dei komt seg dit? Kva skal til for å bli med i den store, kvite flokk? Svaret får vi i teksten sjølv: Dei kvite kleda kan ein berre få gjennom det Jesus har gjort for oss då han døde på korset. Kvite klede er eit bilete på den tilgiving og det nye livet Jesus gir til den som kjem til han. Jesus er verdens håp.
Vil du skrive e-post til Helge Standal, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer Sveinung Hølmebakk i salmen "Ren og rettferdig".