NRK Meny
Normal

Regn og tårer

Forteljinga om Jesus er ei reiseskildring. Apostlenes hester, seier me: Dei gjekk til fots, for det aller meste, Jesus og dei, fortel Jon Ådnøy.

Jon Ådnøy
Foto: Privat

Teksten er henta frå Lukas 19, 41 – 48.

Mange poetar blandar regn og tårer. På primstaven i dag står ein hatt med vid brem. Ein slik som er god når det ausar ned. 25. juli er Jakob Våthatt. Men det som på norsk er oppfatta som ein hatt, er i gammal kyrkjeleg tradisjon eit sverd. Det er sankt Jakob sin dag, han som saman med Peter og Johannes var fremst blant disiplane. Jakob mista hovudet for sverd. Derfor er det merket hans.

Denne Jakob er nasjonalhelgen i Spania, som Santiago. Han er etter tradisjonen gravlagt i byen Santiago de Compestela. Også nordmenn er begynt å gå pilgrimsleia dit. Grunnane til å gå kan vera så ulike. Få tid til å tenkja, seier nokon. Skaffa seg eit overblikk, sortera ting. Kva som er viktig, kva som ikkje er det. Å gå, å bli fysisk trøytt, dag etter dag, det kan vera til god hjelp i sorteringsarbeidet.

Forteljinga om Jesus er ei reiseskildring. Apostlenes hester, seier me: Dei gjekk til fots, for det aller meste, Jesus og dei. Dei er lenge i Galilea, ikkje langt frå Nasaret, der Jesus voks opp, og Genesaretsjøen, der dei var fiskarar, fleire av dei. Så har dei i lag vandra i månader og år. Mangt har dei sett og hørt. Så kjem målet: Jerusalem med tempelet, staden der Gudsnærværet er størst.

Det er vel hosianna-ropa me hugsar best. Jubelen, begeistringa. Men dette er også ein av få plassar der Bibelen fortel at Jesus feller tårer: ”Då Jesus kom nærmare og såg Jerusalem, gret han over byen” (Luk 19,41). Og han snakkar om fiendar som skal komma til byen, om stein som ikkje skal liggja på stein etter at dei har herja. Og Jesus jagar vekk dei som driv handel på tempelplassen.

”Med Jesus vil eg fara på livsens ferd i lag”, song me på skulen. Det kan bli krevande å fara med Jesus. For i hans følgje er ikkje alt like gyldig. På ferda kan det komma vegkryss, der eg må skaffa meg overblikk, sortera, kva som er viktig, og kva som ikkje er det. Der eg må velja, og med det og må velja vekk. Der eg må ta konsekvensen av at nokon ting er verd tårer. Ikkje alt er det.

Skriv e-post til Jon Ådnøy.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Nidarosdomens Guttekor, under leiing av Bjørn Moe, syngje "Med Jesus vil eg fara".