NRK Meny
Normal

Provosert

For mange blir det snakk om å plukka med seg litt her og litt der, og å skapa sin personlege religiøse miks. I Hellas var det omtrent slik for 2.000 år sidan, seier Jon Ådnøy.

Jon Ådnøy
Foto: Privat

Teksten er henta frå Apostelgjerningane 17, 30-34:

Då er var liten, på 1950-talet, visste eg om eitt einaste menneske som ikkje var med i statskyrkja. Eg veit ikkje om vedkommande opplevde seg som utanfor. Det er rart å tenkja på at det var slik mange stader i landet.

I dag er Norge fleirkulturelt. Det dreier seg ikkje berre om mat og språk og klær. Dei forskjellane som går djupast, trur eg har å gjera med religion. På kva horisontar me ser rundt livet og døden - alt. Ei stund tenkte mange av oss at religion blir mindre viktig ettersom me blir meir moderne, og baserer oss meir på fornuft. Derfor var det ikkje så viktig om folk hørte til forskjellige trusretningar. "Men inni er vi like", tenkte mange.

I dag har fleire innsett at religion - eventuelt ei fornekting av religion - skaper skilje som er vesentlege. Me blir ikkje meir like. Forskjellane oss imellom blir større. Både utanpå og inni er me ulike. Og me er nødt til å finna måtar å leva saman utan å trø på kvarandre.

Fleire religionar er blitt tydelege i Norge ved innvandring. På same tid har det dukka opp mange importørar av religiøst tankegods blant menneske som alltid har budd her. Mykje av impulsane stammar frå Asia. Oftast har det vore innom USA på vegen hertil.

Me har, midt iblant oss, eit religiøst torg med eit utval som er overveldande. Dette skjer for første gong i norsk historie, at element frå mange religionar lever side om side.

For mange blir det snakk om å plukka med seg litt her og litt der, og å skapa sin personlege miks. I Hellas var det omtrent slik for 2.000 år sidan. Til det religiøse og filosofiske torget på Areopagos i Aten kjem Paulus med det han skal selja: Dette med Jesus. Apostelgjerningane fortel at mange er forvitne. Mange stoppar opp og vurderer om dei skal plukka frå det Paulus snakkar om, for å bruka det i sin eigen miks. Stoikarar, jødar og epikurearar er nemnde spesielt.

Så er han vel nøgd, Paulus, den aller første misjonæren?
Det er berre det, at på eitt punkt, så forsvinn dei fleste. "Takk, dette var interessant, men eg må visst gå".

Kva er det som provoserer? Jo, når Paulus fortel at Jesus stod opp frå dei døde tredje dagen. Hadde han berre sagt at Jesus var Ånd, hadde han fått avsetning på det religiøse torget. Og hadde han berre påstått at Jesus var eit stort menneske og eit ideal, ville mange sagt ja og amen. Men dei gjekk.

Det spørst om det ikkje er slik ennå. Bibelen tviheld på at Jesus er både sant menneske og sann Gud, og at døydde og stod opp. Det passar ikkje inn i noko anna religiøst mønster. Derfor provoserer det. På Areopagos, og i dag.

Skriv e-post til Jon Ådnøy.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi hører Lutherska Missionskyrkans kör i salmen "Jesus har uppstått".

Høyr andakten 11. april.