• Nyheter
  • Sport
  • Kultur
  • Humor
  • Distrikt

Nyheter

  • Nyhetssenter
  • Norge
  • Urix
  • Kultur
  • Livsstil
  • Viten
  • Dokumentar
  • Ytring
  • NRK Sápmi
  • NRK Kvensk

Sport

  • Sportsnyheter
  • Resultater
  • Sendeplan
  • Videoklipp

Distrikt

  • Agder
  • Innlandet
  • Møre og Romsdal
  • Nordland
  • Oslo og Viken
  • Rogaland
  • Troms og Finnmark
  • Trøndelag
  • Vestfold og Telemark
  • Vestland

Temasider

  • NRK Humor
  • NRK Mat
  • NRK Skole
  • NRKbeta

Info

  • Hjelp
  • Informasjon
Logg inn

Andakten

Perfekte menneske

Vi treng ikkje prøve å bli perfekte, fordi vi klarer det ikkje likevel. Gud veit akkurat korleis vi er. Ja, han kjenner våre innerste tankar, ord og gjerningar. Men likevel kallar han oss til å vende seg til han, vende oss bort frå våre nederlag, seier Helge Standal.

Publisert 04.11.2004, kl. 06.00
Del på Facebook Del på Facebook Del på Twitter Del på Twitter Del på epost Del på epost
Publisert 04.11.2004, kl. 06.00

Artikkelen er flere år gammel.

Del på Facebook Del på Facebook Del på Twitter Del på Twitter Del på epost Del på epost

"Viss mine kristne venner visste korleis eg eigentlig er, så ville eg miste dei alle saman. Presten min ville blitt sjokkert og barna mine ville slått handa av meg, og eg hadde aldri meir funne et kristent fellesskap å leve i."

Dei orda kom frå ein kjent kristen forfattar. Og han fortsatte: "Dei fleste kristne tenker slik. Men sånn er det ikkje. Veit du kvifor? Fordi dei andre kristne er akkurat som deg. Du treng ikkje late som om du er et godt menneske, for vi veit begge to at du ikkje er det."

Det er ein ganske frigjerande tanke han kjem med denne forfattaren. Og det hadde trulig skapt ein stille revolusjon i mange kyrkjelydar dersom vi torde å vere så ærlege. At vi faktisk er menneske som svikter, som gjer gale ting. I kyrkjelyden der eg er prest har vi snakka om at vi burde henge opp et skilt ved inngangen: “Adgang forbudt for perfekte menneske. Dette er staden berre for dei som innrømmer at dei er syndarar, treng nåde og ønskjer å vekse."

Et slikt skilt hadde kanskje hjulpe fleire til å forstå at kyrkjelyden ikkje er for dei perfekte, men for dei som treng nåde og tilgiving.

Men kva med Gud, då? Overfor han nytter det vel ikkje å vere eit feilande, skrøpelig menneske? Overfor han må vi vel ta oss saman, anstrenge oss best mogeleg for å framstå gode og rettferdige, slik at han vil akseptere oss?

Nei, det er det som er så fantastisk med Gud. Vi treng ikkje prøve, fordi vi klarer det ikkje likevel, han veit akkurat korleis vi er. Ja, han kjenner våre innerste tankar, ord og gjerningar. Men likevel kallar han oss til å vende seg til han, vende oss bort frå våre nederlag, slik vi høyrer i bibelteksten for dagen: “Vend om til Herren dykkar Gud! For han er nådig og mild, langmodig og rik på miskunn." (Joel 2, 13)

Ein forunderlig Gud, som møter oss med ein forunderlig nåde, “Amazing Grace". Han som skreiv den sangen var ein tidligare slavehandlar, John Newton. Gud møtte han midt i ein storm, han vendte om og blei eit nytt menneske og ein som kjempa mot slaveriet. Men han mista aldri av synet det djupet han var frelst frå, den gjørma han var løfta opp av. Han mista aldri synet av nåden. Når han skreiv Amazing Grace, så visste han at der var sant: Forunderleg, eit vrak som meg . . eg var fortapt, men fann ein veg, eg som var blind, kan sjå.

Gud er "nådig og mild, langmodig og rik på miskunn."

Vil du skrive e-post til Helge Standal, kan du gjøre det her.

* * * *

Vi høyrer Skruk syngje "Amazing grace".

Lyd og video

  • Høyr andakten 4/11. - [WM]
Publisert 04.11.2004, kl. 06.00
Del på Facebook Del på Facebook Del på Twitter Del på Twitter Del på epost Del på epost

Tidligere andakter

Hvordan skal en kristen være?

Kjærlighet som smitter

Mer om: Tidligere andakter

Andakter 2020

Jan Erik Larssen

Morgenandakten torsdag 21. januar

Jan Erik Larssen

Morgenandakten onsdag 20. januar

Jan Erik Larssen

Morgenandakten tirsdag 19. januar

NRK

  • Kontakt NRK: 23 04 70 00
Norsk Presseforbund, logo.

Vi arbeider etter
Vær Varsom-plakatens regler
for god presseskikk.

Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.


Nyhetstips 03030 Nyhetsbrev

Kontakt

  • Om NRK
  • Kontakt NRK
  • Lisens
  • Publikum i NRK
  • Delta i NRK-programmer
  • Jobb i NRK
  • Presse

Hjelp

  • Brukerstøtte
  • Tilgjengelighet
  • Personvern
  • Informasjonskapsler (cookies)

Tjenester

  • Yr
  • NRK Skole

Produksjon

  • Eksterne produksjoner
  • Produksjonsfolka
  • Retningslinjer og design

Salg

  • Spons og salg
  • NRK Butikken
Til toppen
NRK Opphavsrett NRK © 2021 Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen Nettsjef: Hildegunn Soldal