NRK Meny
Normal

Peikefinger og fang

Bibelen brukar mange bydeformer. Eg har å vera eit solskinsbarn. Set i gang! Hald ut! Det er som å høyra ei masete mor si siste helsing når du går ut døra, seier Jon Ådnøy.

Jon Ådnøy
Foto: Privat

Teksten er henta frå Kol. 3, 12-17.

"Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill. Og forøvrig kan man gjøre som man vil", syng politimeister Bastian i Kardemommeby. Ikkje den mest rigorøse leveregelen, det der.

Mange finn Bibelen verre: Skal, skal, må må, bør, bør, les dei der. For ikkje å snakka om bydeformene: Gå, kom, sitt, gjer! Og kanskje endå fleire direktiv med eit ”ikkje” hefta ved. Ikkje gjer det!

Det er som å høyra ei masete mor si siste helsing når du går ut døra. Som ein skigard av heva peikefingrar mellom deg og livet. ”Jo, du skal få lov å gå ut. Men vit at du har strikse forventningar i ryggsekken.

Tru ikkje at livet er ditt, at du kan gjera kva du vil. Og nåde deg om du skuffar meg. Eg skal vita alt når du kjem tilbake: Kven var du med, kor, kor lenge, kva gjorde du, kvifor – kvifor ikkje?”

Er det rart ein kan bli sveitt av å gå ut? At ein bind seg, kvir seg for å komma heim?

Paulus er av dei som brukar mange bydeformer. - Syng, rettlei kvarandre, la Kristi fred rå, ver takksame, ver audmjuke, kled dykk i inderleg medkjensle og godleik, kled dykk i kjærleik! (Kol 3, 12-16)

Dette var ikkje det verste me kunne høyra. Gode oppfordringar, alt i hop, og til dels nydeleg sagt. Men det er ikkje lett å fri seg frå kjensla av at det som det heile går ut på, det er å ta seg saman – heile tida. Eg har å vera eit solskinsbarn. Set i gang! Hald ut!

Alle bibelske peikefingrar startar i eit fang. Også når Paulus skriv, er utskytingsrampen for alle formaningane at Gud er god. ”De er Guds utvalde, helga og elska av han” (Kol 3, 12) – det er basis for alle bydeformer, for alle skal – skal ikkje.

I arbeidslivet er første bod å gjera som sjefen seier. Nå kallar dei det for å ”levera”. I det åndelege livet er ikkje første bod å levera, men å vera.

Så før du blir stressa av skal – skal ikkje: Kryp opp i Guds fang. Krøll deg saman, pust djupt, og berre kjenn.

Skriv e-post til Jon Ådnøy.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Bergenskoret Divisi syngje ”Som når et barn kommer hjem om kvelden” av svensken Göte Strandsjö.

Høyr andakten 7/9.