NRK Meny
Normal

Pass på liten og på stor

Jon Ådnøy seier at han reknar seg som heldig som fekk for vane å syngja aftenbøn.

Illustrasjonsfoto. Barneseng.
Foto: Scanpix

”Pass på liten og på stor, Gud bevare far og mor. Og alle barn på jord”. Eg reknar meg som heldig som fekk det som ein vane, heilt frå eg var liten, å syngja aftenbøn. Me hadde ulike variantar heime hjå oss, frå Thorbjørn Egner sin ”Jeg folder mine hender små” til ”Kjære Gud, jeg har det godt” og ”No soli bakom blåe fjell”, og endå fleire. Ein slik song har fleire funksjonar. Første replikken etter verset er gjerne ein lang og god geisp. Den litle kroppen veit med alle sansar at nå er dagen slutt, nå skal her sovast. God natt!

Men kveldsverset er meir enn ei sovepille. Mi erfaring er at det er eit spesielt utsyn der, i overgangen mellom svevn og vaken tilstand. Ikkje er det draum, for du veit kvar du er. Ikkje er du heilt vaken heller, for du ser deg sjølv og dagane og alt som er, men utan mange av dei stengslene som høyrer dagen til. Som ein liten tenkeboks er det, ein overgangssone for kjensler, for dei gode og dei vanskelege. Ein del av det som i dagslys er innvikla, blir enklare og tydelegare. Slikt som elles er uproblematisk, kan be om ettertanke. Under dyna, på vegen mot draumeland, er plassen for å bli modigare, og til å bli meir i stuss.

Denne tilstanden på vegen mellom dag og natt, den liknar på det dei jobbar seg mot, dei som brukar teknikkar for å konsentrera seg, tømma seg, meditera, eller kva dei kallar det. Dette landskapet er og godt for bøna i kristen forstand. Når kroppen er gått i kvilemodus, men sansane framleis er tilkopla. Når mange ytre vanar og konvensjonar er avkledde, saman med kleda, men eg framleis er meg sjølv. Då går det an å sortera. Sjå betre kva som betyr noko, kva som er uvesentleg. Bøna seier ikkje berre kva eg vil Gud skal gjera. Endå meir grunnleggjande er at bøna plasserer meg. Eg legg meg, og alle ting, i Guds hender.

Dei har dette her enkle i seg, mange av kveldsversa for barn. Seier avgjerande ting, beint fram: ”La alle barn i verden få det like godt som jeg”. ”Pass på liten og på stor”. ”Kom, Jesus, inn og med meg ver”. Er det ikkje dette me har i tankane, når me seier at me ennå har vår barnetru? Mange bøner i Bibelen er like enkle. ”Frels ditt folk. Velsigna din eigedom” (Salme 28,9).