Hopp til innhold

Ord til trøyst

Dei gamle sine biblar har vore opna i uro framfor alvorlege val i livet, dei har vore henta fram når sorga sprengde seg på, fortel Vigdis Berland Øystese.

Vigdis Berland Øystese.
Foto: NLA (for NRK-andakten).

Teksten er henta frå Salme 119, 81-136.

Mange av oss har sett velbrukte biblar liggja framme på eit kjøkenbord eller eit arbeidsbord. Ein av biblane som ligg att etter mor, har blad som er slitne heilt ut, så berre flisene står att. Slike biblar har strekar og merke, datoar i margen og små kode-ord som ingen lenger tyder.

Dei har samla i seg tårer og angst; men også lagt opne under takkens sukk og gledens lovsong. Dei har vore opna i uro framfor alvorlege val i livet, dei har vore henta fram når sorga sprengde seg på.

I slike tider har ein kjent at bibelordet var uunnverleg. Men også i det daglege har desse bøkene vore lesne, fordi dei som åtte dei, visste at også sjela treng næring. Bibelen har vore ei bruksbok, ein rådgivar, eit spiskammers og ei trøystekjelde.

Salme 119, den lange salmen i Det gamle testamentet, som handlar om Guds ord, inneheld eit vitnemål som er fleire tusen år gamalt. Eit vitnemål om kva ordet har å seia i eit menneskeliv. Eit vitnemål som mange har kjent seg att i og brukt som sitt:

Salmediktaren seier:

Mi sjel brenn av lengsle etter di frelse, og eg ventar på ditt ord. Mine augo lengtar etter ditt ord, og eg spør: ”Når vi du trøysta meg?”

For eg har vorte som ein turr skinnsekk; men dine føreskrifter gløymer eg ikkje.  ...  Dersom ikkje di lov var mi lyst, gjekk eg til grunne i mi naud.

Aldri gløymer eg dine føresegner, for ved dei har du halde meg i live.  ...  Å, dine ord er søte for min gane, betre enn honning for min munn. Av dine føresegner får eg vit. ... Ditt ord er ei lykt for min fot og eit ljos på min stig.

...

Dine lovbod er min eigedom for alltid, ja dei gleder mitt hjarta. ... Hald meg oppe etter ditt ord, så eg kan få leva. Lat ikkje mi von verta til skammar.

...

Vend deg til meg og ver meg nådig! Det er rett mot dei som elskar ditt namn. Gjer mine steg faste ved ditt ord, lat ingen urett få makt over meg! ... Lat ditt andlet lysa over din tenar, og lær meg dine føreskrifter!

Guds ord er gitt oss til orientering, ikkje berre slik at vi skal kjenna til det, men slik at vi kan orientera oss etter det. Guds ord er gitt oss så vi kan høyra det og lesa det. Og Guds ord er gitt oss så vi kan prøva det. Vi kan be om at det blir ei lykt for foten vår og eit lys på stigen vår; at det skal rettleia oss og trøysta oss. Det er mange som har prøvd. Og det er mange som er blitt avhengige!

Dei har opplevd at Den Heilage Skrifta, som Bibelen blir kalla, handlar om meir enn store etiske og teologiske stridsspørsmål. Ordet er dei ei nødvendig niste på livsferda, det gir dei den stridsrasjonen dei treng når dei kjempar sine livs tøffaste kampar, det gir dei kraft til sorga og jubel til gleda, det gir dei rett lei gjennom liv og død.

 

Skriv til Vigdis Berland Øystese her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Odd Nordstoga syngje ”Du Far og Herre”.

Høyr andakten 31. januar.

Skog