Hopp til innhold

Ord i mørket

Det er godt for oss når det blir tyngre å halde på sanninga enn løgna. Det er godt for eit samfunn når vi byrjar å røre ved det ingen skulle snakke om, seier Geir Gundersen.

Geir Gundersen
Foto: Privat.

Teksten er henta frå Jer. 20, 7-9.

God morgon!

Det er mange grunnar til at vi menneske nektar å sjå sanninga i augene. Men gode er dei ikkje. For det er ikkje godt for oss å leve i fornekting. Når vi nektar å ta tak i eller seier nei til hjelp med å ta tak i dei mørke sidene ved livet vårt, kjem vi i fare. Det vi kapslar inn, det vi ikkje vil vite noko av, vender seg mot oss og undergrev livet vårt.

Eit tabu kallar vi dette, det vi som menneske og samfunn gøymer unna, nektar å tale om, nektar å røre ved. Og ve over den som byrjar å snakke der vi har bestemt oss for å teie.

Eg vil du skal få møte mennesket Jeremia, profeten Jeremia, medan han kjempar med Gud. Han har fått i oppgåve å vere ein varslar, å sette namn på det unemnelege, å seie i frå om løgn og urettferd. Det er ei tung børd. ”Eg er til låtteløye heile dagen” klagar han til Gud i Jeremia kap. 20.” Herrens ord har dagen lang vorte meg til spott og skam.” Han vil teie, men det går ikkje.”

Når eg tenkte: eg vil gløyma han og ikkje lenger tala i hans namn, då vart det som ein logande eld i mitt hjarta, innestengt i mine bein. Eg streva for å halde det att, men greidde det ikkje.” Så Jeremia må tale. Og menneska rundt han får ein sjanse til å tenkje seg om og endre retning for livet sitt.

Det er godt for oss når det blir tyngre å halde på sanninga enn løgna. Det er godt for eit samfunn når vi byrjar å røre ved det ingen skulle snakke om. Frid Hansen er psykolog ved Borgestadklinikken Blå Kors og fagambasadør for TV - aksjonen komande søndag. Vi må opne oss for konsekvensane det har for barn å leve med foreldre som ruser seg, seier Frid.

” Med større åpenhet vil vi kunne redde flere små mennesker som i dag er opplært til å tie for enhver pris ”.

Vi veit at desse små menneska vil kjenne stor lettnad når dei forstår at dei er sett, at dei ikkje er aleine – og at det er hjelp å få. Og vi i Blå Kors vil kjenne djup glede om TV – aksjonen 2008 fekk eit slikt resultat. Vi opna tabuet – og liv vart redda.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer NRKs Jentekor syngje Brorson-salmen ”Vær trøstig, mitt hjerte”.

Andakt 15.10.08 ved Geir Gundersen

Skog