Hopp til innhold

Oppstode

Eg takkar for det eg har fått, at eg og fekk bli ein del av den kjeden Paulus talar om. Eg takkar for det underet at du opna meg, så eg kunne gjere mine eigne erfaringar av oppstode i min egen kvardag, seier Geir Gundersen.

Geir Gundersen
Foto: Privat.

Teksten er henta frå 1. Kor.15, 1 - 11

God morgon - gode tilhøyrarar og gode Gud!

I dag, på denne onsdagen etter den store påskehøgtida, vil eg takke og prise deg for ei sak: at det er så lite vi veit om deg, at det er trua og vona og kjærleiken som er vegen til deg, og på den vegen får eg ha ei personleg tru, eit klart håp og ein konkret kjærleik. Akkurat no høyrer eg korleis apostel Paulus gjer greie for si tru, det vil seie: for den trua som han personleg har fått overgjeve, og som han i truskap personleg gir vidare

- at Kristus døydde for syndene våre etter skriftene
- at han vart gravlagd
- at han stod opp att
- og at han synte seg for Kefas og deretter for dei tolv.

Men her er meir: Så synte han seg for meir enn fem hundre brør på ein gong. Dei fleste av dei lever enno, men nokre er avsovna. Sidan synte han seg for Jakob, så for alle apostlane.

Men her er meir: og aller sist synte han seg for meg, eg som berre er eit utfullbore foster. Seier Paulus i 1 Kor.15.

Men her er meir: for no kan eg, andaktshaldaren legge til: Og enno seinare synte han seg for meg, sto han opp i mitt hjarte som min levande, kjærlege bror og frelsar, din Son. Inn i dette rommet av løyndommar, inn i den vidunderlege mangelen på eksakt kunnskap om djupnene i deg Gud, fekk eg dette møtet, ein oppreist Geir med ein oppstaden Herre. Kva dugar dei alle sanningar, alle objektive sanningar, også alle overleverte sanningar om ikkje Sanninga får gå opp for meg, stå opp i meg, bli mi?

Det er ei bøn dette, Gud. Eg takkar for det eg har fått, at eg og fekk bli ein del av den kjeden Paulus talar om. Eg takkar for det underet at du opna meg, så noko kunne gå opp for meg, så eg kunne gjere mine eigne erfaringar av oppstode i min egen kvardag, så eg kunne oppdage det eg vil gå inn for med liv og sjel heilt til enden.

Eg veit du har sagt at du vi at alle skal få kjenne sanninga om deg. Får eg no til slutt legge min vesle vilje til din store, får eg seie at tanken på at nokon skal lukke seg heilt, nesten ikkje er til å halde ut. Du som har elska alle inn i livet, elsk dei og heim til deg, elsk oss opne så vi kan seie ja frå hjartet.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Hilde Heltberg i sangen ”Mitt hjerte er ditt”.

Hør andakten 26. mars 2008

Skog