Hopp til innhold

Ømme punkt

Skal eg skjemmast over noko, må det vera fordi eg ser at eg har feila ut frå ein standard som eg sjølv aksepterer, seier Jon Ådnøy.

Jon Ådnøy
Foto: Privat

Teksten er henta frå Rom. 1, 16 - 17.

Det finst menneske - damer, helst - som kjenner seg uvel om dei blir sett før dei har fåt stelt seg. Det har noko med hår og hud å gjera, har eg oppfatta. Blir dei observerte av utanforståande utan rette fargen på lippene, eller sveisen på håret, så kjenner dei det som å bli tatt med buksene nede. Skam, rett og slett.

Skam er sterke greier. På torget eller ved kyrkja stod det i gamle dagar ein gapestokk. Eit stativ der dei som hadde noko samfunnet meinte dei burde skjemmast over, stod låste fast, til spott og spe. Eg trur det var lov å spytta på dei. Iallfall slenga nokon ukvemsord. Så kjende dei seg litt prektigare, dei som kunne forakta andre.

Skammekroken i klasserommet tente den same funksjonen. Så seint som i min oppvekst kunne ein bli send på gangen. Samfunnet markerte fysisk, ved å flytta nokon vekk frå fellesskapet, kva som var akseptabelt, og kven som burde skjemmast.

I dag skjer slikt som mobbing. For eksempel i media.

Likevel: Skam og skam er to ting, iallfall for vaksne. Det kan godt tenkjast menneske som mange foraktar og ser ned på, utan at den forakta skjemst.

Skal eg skjemmast, må det vera fordi eg ser at eg har feila ut frå ein standard som eg sjølv aksepterer.

Kva målestokk aksepterer eg for mitt liv?

Paulus - me veit ut frå Bibelen ganske mykje om han - Paulus kan rangerast etter mange slags målestokkar. Han kunne skryta – og gjorde det - av å vera skriftlærd, teltmakar og romersk statsborgar. For mange i samtida var han likevel ein sørgjeleg figur. For han gjer seg upopulær, gong etter gong, når nan kjem til nye stader og snakkar som om Jesus er Guds Son og den frelsaren jødane har venta på. Han hamnar fleire gonger i fengsel på grunn av dei tumultane dette fører til. Mykje tyder på at han til sist blei tatt livet av, fordi han ikkje slutta å satsa på Jesus. Ein katastrofe, etter dei fleste målestokkane.

Gjennom breva hans er det nokså opplagt at Paulus forstår kva veg det ber. Likevel nektar han å stilla seg i skammekroken. Vil ikkje bøya seg for dei måplestokkane som gjer livsprosjektet hans er eit misfoster. ”-Eg skjemmest ikkje ved evangeliet”, skriv han.

Skriv e-post til Jon Ådnøy.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer SKRUK ssyngje salmen ”Dype stille, sterke, milde” sammen med Nymark Collective.

Hør andakten 19. januar.

Skog