Hopp til innhold

Normar og reglar

Det er i vekselverknaden mellom tru og liv at salmisten finn klangbotn for sin mektige salme om Guds ord, seier Vigdis Berland Øystese.

Vigdis Berland Øystese.
Foto: NLA (for NRK-andakten).

Teksten er henta frå Salme 119, 137-160.

Du skal; du skal ikkje! Slik kan ein kanskje samanfatta essensen av lover og reglar som samfunnet møter oss med. Og mange ergrar seg over allslags inngrep i deira private fridom til å gjera nett det dei vil; sjølv om dei nok innrømmer at eit visst minimum med påbod er nødvendig.

Men både born og vaksne kan verta trassige og trampa i golvet, eller fortvila, i møte med den steile veggen som vert kalla regelverk. Mange blir også sterkt opprørte over bibelske ord og rettesnorer, ja, dei vender både Gud og kyrkja ryggen i sorg og sinne over det dei meiner er urimelege krav til livet.

Men den som har skrive salme 119, den lengste salmen i Bibelen, har eit heilt anna forhold til Guds ord og lov. Han er full av jubel over Gud og ordet hans. I ordet frå Gud finn han trøyst når motgangen møter, han finn noko å gle seg over når vondskapen gjer det tungt å pusta.

Omkring seg ser han at Guds vilje vert forakta, at ingen spør etter hans føresegner. Men for salmediktaren er Guds ord sjølve sentreringspunktet i livet. Slik uttrykkjer han det i Salme 119:

Rettferdig er du, Herre, og rettvise er dine domar. Du gav dine lovbod i rettferd og i din store truskap.   ...  Skirt og reint er ditt ord, din tenar elskar det.

Liten og vanvørd er eg, men dine føresegner gløymer eg ikkje. Di rettferd er ei evig rettferd, og di lov er sanning. Naud og trengsle har råka meg, men dine bod er mi lyst.

Dine lovbod er rette. Gjev meg skjøn, så eg kan eg leva.  ...  Eg ropar til deg. Frels meg, så vil eg halda dine lovbod! Før morgonen renn, ropar eg om hjelp; eg ventar på dine ord.

Eg ligg vaken i nattevaktene og grundar på ditt ord.  ...  Herre, du som er trufast, hald meg i live! Summen av dine ord er sanning, evig er all din rettferdige dom.

Vi forstår at salmesongaren ikkje lever eit lettvint liv. Men tiltrua hans til Guds ord, er imponerande. Korleis kan han så heilt vilkårslaust overgi seg og livet sitt til Gud og hans vilje? Det verkar nesten uforsvarleg for eit moderne menneske som trur at det sjølv kan vurdera kva som er sunt og rett og godt, og setja saman sin eigen livsfilosofi på grunnlag av desse vurderingane.

Salmisten byggjer på kjennskap til Guds ord; han veit kva det handlar om og at det er godt; han har prøvd i praksis korleis det er å lita på det, og han har funne at det held. Ut frå denne kjennskapen til Ordet, kjenner han også Gud. Og det gir han frimot til å venda seg til Gud med sine ord.

I salmen fortel han om trua, men også om prøvingane, og han ber om hjelp i vanskane sine. Det er i denne vekselverknaden mellom tru og liv, mellom å ta imot frå Gud, og venda seg til han, at salmisten finn klangbotn for sin mektige salme om Guds ord. Slik har også mange etter han funne heim for si tru.

Skriv til Vigdis Berland Øystese her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Kristin Asbjørnsen syngje ”Jeg er i Herrens hender”.

Høyr andakten 29. januar.

Skog