Hopp til innhold

Nøkkelrolle

Eit bilde av Jesus er eit lam, som såg ut som det var slakta. Bildet av ein kjærleik så utan grenser, at han ofrar alt. Makt saman med miskunn, det er koden til sanninga, seier Jon Ådnøy.

Jon Ådnøy
Foto: Privat

Du kjenner deg nokså dum når du kjem tilbake til bilen og ikkje kan finna nøkkelen. For nyare bilar er ikkje lettlurte. Det skal godt gjerast å komma inn i bilen utan å skada han. Og får du opp døra, er dei aller fleste av oss sjanselause i møte med elektroniske startsperrer. Utan den høgteknologiske nøkkelen blir med meg som med Luther: Eg står der, og kan ikkje anna. Gud hjelpe meg, la Luther til.

Det er Jesus det handlar om i den merkelege og biletsterke Johannes Openberring, sist i Bibelen. Johannes er forvist til Patmos, ei øy i Egearhavet, mellom Athen og Rhodos. Der ser han i syner det store dramaet, om himmel og jord, heilt fram til sluttoppgjeret. Ein bokrull ser han, forsegla med sju segl.

Der står alle svara. Der er det skrive, det siste ordet som skal seiast. Her er den raude tråden gjennom alt som var og er og vera skal. Men der er ingen med kompetanse til å opna boka. Ingen som er sertifisert til å bryta segla. Ingen, ikkje i himmelen, ikkje på jorda, heller ikkje under jorda, er i stand til å bretta ut sanninga.

Det er Bibelen dette her. Det overraskar difor ikkje at Jesus er svaret. Han har den autoriteten som alle andre manglar. Men kva er det som gjer Jesus kompetent? Han er teikna med to bilde på ein gong. To profilar som for oss ser ut som motsetningar. Det første bildet markerer styrke. Jesus er ”løva av Juda ætt, kong Davids rotrenning, som har sigra”.

Jesus, sterkare enn alt og alle, han som ingen kan stå seg imot, det er eit bilde til å forstå. Men makta åleine er ikkje nok. Det andre bildet av Jesus er eit lam, som såg ut som det var slakta. Bildet av ein kjærleik så utan grenser, at han ofrar alt. Makt saman med miskunn, det er koden til sanninga, til ei god meining.

Han er fargerik i skildringane som følgjer, Johannes. At ”bølgja går” er berre forbokstaven på reaksjonen på den kosmiske scenen. Dei fell på kne. Med harper og skåler fulle av røykjelse syng dei ein ny song for Lammet. Alt, i himmel og på jord, lovprisar Jesus. Händel har sjølvsagt desse versa med i sitt verk ”Messias”. Og det fine er, at det er den same songen me er med på, kvar gong me er saman i Jesu namn.

Skriv e-post til Jon Ådnøy.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Atlanta symfoniorkester og kor framføre litt av ”Worthy is the lamb” fra Händels ”Messias”.

Skog