NRK Meny
Normal

Når alt kjem til alt

Det er innvikla å vera menneske. Det lar seg ikkje gjera å parkera nokon av levereglane på sidelinja. Og det kan kosta nattesøvnen å finna rett svar, seier Jon Ådnøy.

Jon Ådnøy
Foto: Privat

Teksten er henta frå Johs. 15, 9-17.

Eg blir fort utålmodig når eg må fylla ut eit skjema. Det går greitt om eg skal skriva meg inn på ein campingplass med namn og adresse og nasjonalitet. Men ein heil del skjema er slik laga at dei skal passa for mange forskjellige situasjonar. Også det eg står oppe i. Men til mitt bruk skal berre enkelte av felta fyllast ut, mens andre kan vera blanke.

Men kva felt er viktige for meg, og kva kan eg gi blaffen i? For byråkratar som sit med slike skjema heile dagen er ikkje dette noko problem. Men for meg, som gjer dette denne eine gongen, går det oftast ikkje lang tid før eg kjenner meg dum - og kanskje sint.

Det finst ein hærskare av levereglar og råd. Så mange at det er komplett umulig å tenkja på dei heile tida. Alle kan vera vel og bra, i den rette samanhengen. Men kva for reglar er viktige akkurat der eg er nå?

Nokon av leverglane seier eg skal tenkja mest på konsekvensane av det eg gjer. Konsekvensar for andre, for meg. Andre seier at det er den gode tanken og positive viljen som er avgjerande. Mens andre igjen seier at det er visse ting som må gjelda, same kva. For eksempel å ikkje lyga, som Moses sa. Eller aldri gå med brune sko etter klokka 18, som Skorådet fortalde på 1960-talet.

Det er innvikla å vera menneske, til sine tider. Det lar seg ikkje gjera å parkera nokon av levereglane heilt på sidelinja. Og det kan kosta nattesøvnen å finna ut kva for ein leveregel som er mest aktuell i kvar situasjon. Så lenge me er frie menneske med ansvar for dagane våre, så blir me ikkje kvitt slike dillemma.

Der er noko Jesus seier, som ikkje tar vekk dilemmaet ved å vera til. Men mange har opplevd at orda kan gje ballast, så det lettare å halda kursen. "Ver i min kjærleik", seier Jesus. To ting seier dette. At me skal ha Jesus til forbilde. Og at me ikkje berre skal gjera det som er sant og godt og rett. Før alt det me skal gjera, kjem at Gud elskar oss. Det gir basis, og mål.

Skriv e-post til Jon Ådnøy.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Espen Samuelsen syngje Trygve Bjerkreim sin song ”Han tek ikkje glansen av livet".

Høyr andakten 5/9.