I dag vil eg la din og min eksistens, det at vi finst, vere ein lovsang til Han som held den oppe. For slik ser eg det: Vårt liv er eit kjærleiksunder. Høyr korleis sangaren i Salme 104 skildrar krafta i Guds skapande pust:
Du løyner andletet,
og dei blir gripne av redsle.
du tek livsanden frå dei,
då døyr dei
og blir til støv att.
Du sender ut din Ande,
og dei blir skapte,
du gjer jorda ny.
Så kom og syng med meg. Same korleis livet vårt kjennest akkurat no. Same kva slag børder vi må bere. Lat oss synge saman om livsens under. Og er det slik det kan vere, at livet er for tungt for sang, så lat meg synge for deg, lat meg ta deg med i sangen om Han og til Han og for Han som let oss bli til, av ingenting, og som kan snu mørket til lys for menneska Han har elska fram til liv.
Slik syng eg i dag. Om forholdet mellom Gud og dei han har skapt. Vi kan ikkje tenke for nært om dette forholdet. Det er ikkje vår tru som avgjer om han er nær. Det er i Han vi lever og rører oss og er til, seier Paulus. Alle. Å vere menneske er å vere i Gud.
Mennesket sin djupaste lengt, etter liv og sanning korresponderer med Hans lengt etter kontakt og samfunn med dei han har elska fram til liv. At det som ligg i vår skaptheit blir levd ut i eit praktisk, pulserande kjærleiksforhold. Når det manglar, sørgjer Gud. Slik vi og kan gjere over tapt kjærleik. Han sluttar ikkje å elske, han sørgjer. I si store, skapande sorg gjer Han alt for at det på nytt skal bli liv av død.
I dagens bibelfortelling frå Apostelgjerningane kap.3 møter Peter og Johannes eit følgje inne på tempelområdet. Nokre kjem berande på ein mann som har vore lam heilt frå mors liv. Han rettar ut handa mot Peter og Johannes og ber om ei gåve. ”Sjå på oss”, seier Peter. ”Sølv og gull eig eg ikkje, men det eg har, gjev eg deg, i namnet åt Jesus Kristus, nasarearen: Stå opp og gå!” Og straks fekk han styrke i føtene og anklane, står det. Han spring opp og byrjar danse på tempelplassen. ”Alt medan han song og lova Gud”.
I dag vil eg synge om det underet at eg lever. At det kan bli nytt liv og ny kraft i ein trøytt og lam kropp. At det kan bli lys i ei sjel der alt er mørkt.
Geir Gundersen
Musikk: Sigvart Dagsland - "Bedre enn stillhet".