Den vesle byrjinga, som rommar alt som skal kome. Det flakkande lyset opnar ei ny tid. Døra står på gløtt. Kropp og sjel og ånd vender seg mot Barnet som er på veg. Døra skal gjerast høg og porten skal gjerast vid. Men den må først opnast varsamt så vi får tid til å tenkje oss om.
Dagens ord hentar vi frå Salme 24 i Det Gamle Testamentet. Den opnar si dør på vid vegg med ein gong. Høyr:
”Jorda og det som fyller henne,
høyrer Herren til,
verda og dei som bur der,
er hans.”
Dette er trua sin første artikkel. Dette er den tanken, den meininga, den vedkjenninga – og somme vil med rette seie den påstanden – som trua kviler på. Det finst ein Gud – og alt som elles finst, er hans, for utan han kan ingenting vere til.
Kristendommen er ikkje åleine med den vedkjenninga. Her står vi saman med jødar og muslimar, med alle monoteistiske religionar, dvs. alle som trur på ein, einaste Gud som famnar alt.
Men så byrjar salmen å spørje. Dei store spørsmåla som høyrer adventstida til. Kven er eit menneske? Kven er Gud? Kven får gå opp på Herrens fjell, kven får stå på hans heilage stad? Og kven er han, Kongen, som kjem?
Her må eg gjere ein stans. Kalenderen fortel at denne dagen ikkje berre er ein onsdag i den første adventsveka. Den er FNs internasjonale dag for funksjonshemma. No har det seg slik at eg tilhøyrer den flokken. Som barn vart eg ramma av polio, i den siste bølgja av sjukdommen i Norge, før vaksina kom. Verknaden av denne sjukdommen, også seinverknadane, er ein del av meg, ein uskiljeleg del av meg. Det vart slått ettertrykkeleg fast av eit av barnebarna mine, med stor ømheit: Bestefar, du har så mange utviklingsskader!
Så saka er klar. Dei funksjonshemma verda over er min flokk – og eg må lese orda frå Salme 24 i lys av dette faktumet.
Kva er et menneske, når det er skada, når det manglar noko av det vi meiner eit menneske skal ha? Kva er eit menneske når det følgjer eit ekstra strev med det, for mennesket sjølv og for dei som står rundt? Høyrer dei med i Herrens flokk, kan dei gå opp på Herrens fjell, når dei ikkje kan gå, men må berast, støttast, hjelpast?
Kjære lyttar, slik ser eg det: Eg ser Kongen kome flokken si i møte. Og dei som ikkje kan gå, dei lyfter han opp og ber sjøl. Heilt heim.
Geir Gundersen
Musikk: Josh Groban - "You Raise Me Up"