Når alt er lest og sunge og bedt, når alt er gjort klart på alterbordet, når vi i kyrkjebenkane har helsa kvarandre med fredens teikn og vi har sunge sangen om Guds Lam som ber verda sine synder – og kyrkjelyden er klare til å gå fram og ta imot sakramentet – seier presten:
Se Guds Lam. Se ham som tar bort verdens synder. Salige er de som er kalt til Lammets bord. Då svarar alle, og det er her hjartet mitt slår eit ekstra slag: Herre, jeg er ikke verdig at du går inn under mitt tak, men si bare et ord, så blir min sjel helbredet.
Kor kjem den setninga frå? Og kvifor treff den midt i hjartet? Med eitt susar eg tilbake til folkeskulen på Skodje, til bibelhistorietimane hos lærar Vaksvik, eg er ti år og skal fortelle om att, fritt og med eigne ord, leksa frå Mattteusevangeliet kap. 8, vårt tekstord idag, om offiseren i Kapernaum, ”hovudsmannen” heitte det i min første nynorske bibel, han som hade så stor kjærleik til sin lamme tenestegut. Sjå der, det er nok difor hjartet svulmar, for eg er sjølv ein polioramma smågut, eg går enno med krykker – og kjenner at det er meg den staute offiseren står opp for med desse orda:
”Herre”, sa han, ”tenesteguten min ligg lam heime og har svære plager”. Jesus sa:”Eg skal koma og lækja han.” ”Herre”, svara offiseren, ”eg er ikkje verdig til at du kjem under mitt tak. Men sei berre eit ord, så blir tenesteguten min lækt”.
Stor kjærleik, audmjukt sinn og frimodig tru. På vegne av ein annan. Jesus blir så teken av haldninga til denne ikkje-jødiske leigeoffiseren at han bryt ut til dei som står rundt han: ”Sanneleg, eg seier dykk, ikkje hos nokon i Israel har eg funne ei slik tru”. Og til offiseren sa han: ”Gå! Det skal skje, slik du trudde”. Og tenesteguten vart frisk i same stunda.
Hjartet bultar. For eg er ein tiåring med polioskader som fortel historia til lærar Vaksvik og skulekameratane mine. Og no, i denne stunda kjenner eg korleis eg sjølv vart friskare. Fordi eit menneske gjekk beint til Gud for meg. Og lærte meg at det er det som er tru. Å gå beint til Gud, med seg sjølv og for andre. Herre, sei berre eit ord. Så kan alt snuast om, alt kan bergast, alt kan bli nytt.
Geir Gundersen
Musikk: Tommy Körberg - "Jag skulle vilja våga tro"