Det er mange av dei, og eg gler meg over å ta dei fram og smake på dei av og til; sjå om dei verkeleg var så gode og morosame som eg tenker at dei er.
Eit slikt gullkorn er følgjande frå ein konfirmant som hadde teke seg på tak og lært dei ti bodorda. På den siste gudstenesten før konfirmasjonsdagen slo han til med det tiande og siste bodordet på følgjande måte: Du skal ikke begjære din neste hustru.
Eg likar bibelforteljinga om Moses – han som fekk dei ti bodorda frå Gud, og slepte dei med seg på steintavlene ned att til israelittane som venta på han ved foten av Sinaifjellet. Sidan vart bodorda og alt som følgte med av reglar og påbod eit vitnemål om det særskilte bandet mellom Gud og hans utvalde folk – Israelittane. Guds bod låg bokstaveleg tala tungt på dei – i form av steintavlene. Til denne dagen er hendingane ved Sinaifjellet provet for det jødiske folket på ei pakt som aldri skal brytast.
Og eg likar bibelordet i dag, som er frå Paulus brev til kyrkjelyden i Roma. Paulus hadde eit prosjekt i den tida han var aktiv som misjonær og forkynnar: Han fortel om Guds hendingar med menneska slik at vi som les og høyrer skal skjøne at Gud er for alle; at Jesus med sitt evangelium kjem med ei nytolking av det som til då hadde vore eit forhold mellom Gud og eitt folk. Ikkje nytolkning, slik konfirmanten prøvde seg med si eiga, antakeleg ufrivillige, utlegging av det tiande bodordet. Men ei nytolking som har si kjerne i kjærleiken – Guds kjærleik til alle menneske! Og i Guds bod til oss om å ha kjærleik til kvarandre. Paulus skriv:
Ha inga skuld til nokon, anna enn det å elska kvarandre. Den som elskar nesten, har oppfylt lova. For boda: du skal ikkje bryta ekteskapet, du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje stela, du skal ikkje lysta, eller kva anna bod det skal vera, dei samlar seg til eitt i dette: Du skal elska nesten din som deg sjølv. Kjærleiken gjer ikkje noko vondt mot nesten. Difor er kjærleiken oppfylling av lova.
Kva skuldar eg min neste? Eg skuldar kjærleik! For å verkeleggjere Guds tanke med sine skapningar, skal vi også vise slik kjærleik til kvarandre som Gudskjærleiken har i seg. Kva godt kan det vere i alle verdas bodord, om det ikkje har dette eine i seg: Du skal elska din neste som deg sjølv. Fordi Gud har slik uendeleg kjærleik til oss.
Ragnhild Jepsen
Musikk: Pernille Anker - "Elsk din neste"