Slik som i dagens tekstord frå Matteusevangeliet kap.22. Ein lovkunnig farisear har høyrt Jesus i ordskifte med ei konkurrerande religiøs gruppe, saddukearane, og stoppe munnen på dei. ”Fått dei til å teie”, står det. No vil han sjølv sette Jesus på prøve og spør: ”Meister, kva bod er det største i lova?”
Her er Jesu svar:
”Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og heile di sjel og av alt ditt vit.
Dette er det største og første bodet. Men det andre er like stort: Du skal elska nesten din som deg sjølv. På desse to boda kviler heile lova og profetane.”
Kjære medmenneske, slik høyrer eg Jesu svar til den lovkunnige. Han bryr seg ikkje om prøva. Han ser inga snare. Han høyrer det viktigaste, det mest eksistensielle spørsmålet eit menneske kan stille: Kva er vitsen, kva er meninga med livet, kva er det beste eit menneske kan søkje? Og svaret? Svaret, menneske, svaret kjenner du. Du har det i deg. Du har lært det frå du var barn. Ingenting nytt her.
Jesus siterer heilt direkte frå dei gamle, heilage bøkene: 5. og 3.Mosebok. Du veit det. Du veit det i hovudet. Du veit det i kroppen. Du veit det i hjartet. Bodet om kjærleiken er det største og einaste. Kjærleiken til Gud og kjærleiken til nesten. På desse to boda kviler alt som er sant og verkeleg. Og ingen kan elske Gud og nesten utan å elske ein tredje: seg sjølv.
Slik høyrer eg Jesu svar til den lovkunnige mannen. Som er deg og meg når vi tenkjer, grublar og spør: Kvifor er vi her?
Her reiser det seg eit nytt spørsmål: Er det sant det Jesus seier? Er det sant ”her i denne verden av husville og heimløse”, som det heiter i ei Børlistrofe, at alt som betyr noko, kviler på kjærleiken? Er det sant at det å vere skapt er å vere elska, at Gud er kjærleik og heile skapinga eit stort kjæleiksoverskot? Er det sant at kjærleiken er trefaldig, at det er ei løgn å redusere den til eigenkjærleik, eller til nestekjærleik, at kjærleiken til Gud er det første og største bodet? Er det likeeins sant at det er ei ei løgn å la alt bli slukt opp av kjærleiken til Gud, at det ikkje er mogleg å elske Gud utan å elske nesten og seg sjølv?
Store, vidunderleg store spørsmål. Og svaret er enno større. Eg seier med Jesus: Den som leitar, skal finne.
Geir Gundersen
Musikk: Hans-Inge Fagervik og Kristin Reitan - "La mæ gi dæ ei hand"