Eg meiner - i positiv forstand - blitt meir betydningsfulle og fått større verknad enn intensjonen eigentleg var?
Eg synes nokre gonger eg opplever at ting eg har sagt i ein enkel tone eller meint ganske kvardagsleg, har blitt motteke og tolka slik at avsendaren av orda kjem i eit betre lys enn det som eigentleg var meint! Det kan vere eit kompliment for eit klesplagg eller det kan vere å slå fast eit eigentleg ganske sjølvsagt fakta. Men det som må skje for at ordet skal bli betydningsfullt, er at det treff mottakaren på ein særskilt måte – fordi ho trengte akkurat orda du sa. Fordi det var ein streng som fekk slå, ein tone som gav atterklang. Viss vi er djerve, kan vi då tore å seie at orda bli heilage i møte med den andre?
I Bibelen les vi om apostelen Paulus. Han som gjorde så mykje for at kristendomen spreidde seg i landa rundt Middelhavet i dei fyrste årtia etter at Jesus døydde. Han var ikkje redd for å oppsøke menneske, fortelje, gå i diskusjonar og forkynne. Og når han hadde mulighet til det, skreiv han brev – til dei kyrkjelydane han hadde vitja og forlate, og til dei han lengta etter å kome til.
Paulus var ein ordets mann. Og mange av orda hans har blitt ståande att som kjerneord i kristendomen; som destillert sanning; som noko av det vakraste i verdslitteraturen.
Men eg tenker: Paulus kan ikkje berre ha sagt slike ord som blir ståande att fordi dei er så vakre, eller fordi dei er heilt spesielle. «Pauli ord», som dei gjerne blir kalla, er ofte ganske kvardagslege og vanlege: Han skriv om at han er trøytt, om at han lengtar, om at han vil ta med seg ei gåve til dei han skal besøke. Men likevel er det som om orda blir betydningsfulle og sanne – fordi dei treff oss i vår Gudslengt; dei seier noko om den kjærleiken Gud har for sine skapningar, og som er der for oss å tru på. Dei blir heilage ord, skapt av heilag handling.
I Paulus sitt brev til kyrkjelyden i Roma skriv han om dette: Mi heilage teneste er å forkynna evangeliet, så folkeslaga kan bli ei offergåve til glede for Gud, helga ved Den heilage ande. I Kristus Jesus kan eg vera glad og stolt over denne tenesta for Gud. ….Så har eg fullført forkynninga av Kristi evangelium vidt omkring, frå Jerusalem og heilt til Illyria.
Når dei møter menneske som lengtar etter Gud, treff Paulus sine ord, også dei vanlege – og skaper heilagdom. Så stor er den tenesta, at den har forkynt Guds ord over heile den kjende verda. Han veit det sjølv – han går med ei heilag teneste som skaper band mellom Gud og menneske.
Og det gjer han glad – for det er det finaste som kan skje! For deg i dag ynskjer eg at du får høyre ord som syner deg det heilage!
Ragnhild Jepsen
Musikk: Solveig Leithaug - "Dei finaste ord"