Medan mørkret enno stig og veks, tenner vi det første adventslyset, opnar opp mørkret, opnar opp tida, opnar opp kyrkjeåret, opnar opp hjartet for Han som skal kome.
Kva er denne tida til for? Kva varslar dette eine, spinkle lyset? Kva er det for eit rom det opnar? Eg tenkjer: det opnar tida for dei djupaste spørsmål i hjartet, dei som veks ut av vårt indre, dei vi berre må stille, dei som set ord på uvissa og og uroa i vår sjel, det som brenn for meg, hjartet sine ekte spørsmål, dei som bind menneske saman på tvers av alt som skiljer oss.
Det er eit slikt spørmål døyparen Johannes stiller i dagens tekstord frå Mt.11. Han stiller det i fengselscella si. Dit når ryktene han om orda og handlingane til Jesus, mannen Johannes ein gong peika på og sa: Sjå der er han som er sterkare enn meg, eg er ikkje ein gong verdig til å ta av han sandalane! No dreg Jesus rundt i byane og underviser og forkynner medan Johannes sit fengsla og bunden. Johannes har enno nokre læresveinar som held fast ved han og ein av dei sender han til Jesus med sitt djupaste, mest brennande spørmål, det som heile hans eksistens står og fell med:
Er du den som skal kome, eller skal vi venta ein annan?
Det er et ekte adventsspørsmål.
Er du den eg trudde du var?
Er du den eg peikte på, er du verkeleg Guds lam?
Er du den eg berre kan bøye meg for? Eller tok eg feil og må vente på ein annan?
Eg kjenner; Døyparen Johannes sitt spørsmål er det lyset som opnar adventstida for meg. Så eg forstår at no er det tid for å la maska falle, no er det tid for mine eigne hjartespørsmål. Det får bere eller breste. No er det tid for å opne stengde rom og ta han som eg trur på inn i dei. No må eg – Gud hjelpe meg – gå i møte med han som kjem og vise mitt hjarte for han slik det er.
Jesus sende læresveinane til Johannes tilbake til fengslet med følgjande svar på døyparens spørsmål:
Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser:
Blinde ser og lamme går,
spedalske blir reine og døve høyrer,
døde står opp,
og den gode bodskapen blir forkynt for fattige.
Sæl er den som ikkje fell frå på grunn av meg.
Geir Gundersen
Musikk: Johnny Cash - "Personal Jesus"