Men eg trur eg fekk med meg dette: At ein takkar for seg når ein er blitt vist gjestfridom. Når ein har blitt innlema i eit fellesskap svarar ein med ein takk . Når nokon har delt med meg av sitt eige, deler eg attende med å stadfeste det eg har fått; gjennom eit handtrykk, gjennom ord.
Som vaksen tenker eg: Takk er ei utstrakt hand til nokon som har delt med deg av sitt. Takk er ein måte å seie attende: Eg set pris på det du gav. Takk er å vise seg interessert og lyttande – også om det ein fekk var mindre enn det ein kunne ha gjeve sjølv. For det er ikkje så vanskeleg å kjenne seg att i det, at nokre gonger er det lettare å seie takk enn andre. Men så kjem dette som er rart, og utfordrande: At det verkar lettare å takke for det som er lite, enn det som er stort. Å ta i mot noko som er større enn det vi kunne ha gjeve sjølv – det er akkurat som om det set oss i forlegenhet.
Bibelen fortel ei slik historie – om å ha fått så mykje at det set oss i forlegenhet. I Lukasevangeliet står forteljinga om dei ti som Jesus har gjort friske frå sjukdom. Sjukdomen har isolert dei og støytt dei ut av fellesskapet. Som friske er dei gjevne nytt liv – innlema i samfunn og familie; på ny gjeve vørdnad. Men vi kan nesten kjenne at Jesus er skuffa då det berre er ein av dei som kjem attende for å takke:
Ein av dei kom tilbake då han såg han hadde vorte frisk. Han lova Gud med høg røyst, kasta seg ned for Jesu føter med andletet mot jorda og takka han. Denne mannen var ein samaritan. Då sa Jesus: «Vart dei ikkje reine alle ti? Kvar er så dei ni? Var det ingen annan enn denne framande som kom tilbake og ville gje Gud æra?»
I dag er ein dag for takknemlighet! 8.mai er frigjeringsdagen vår. Enno er det mange i landet vårt som hugsar dagen; det utrulege, at landet igjen vart fritt. Og antakeleg var det mykje takk i dei dagane: Takk til dei som hadde gjort det mogleg. Takk til dei som hadde gjeve så mykje for at det kunne skje. Takk til dei som endatil hadde gjeve livet sitt for noko som var så mykje større enn dei sjølve. Antakeleg takka folk Gud også.
Ein slik dag må ikkje setje oss i forlegenhet! Vi som ikkje var fødde då freden kom, vi skal også takke: For at vi har fått vekse opp i eit land i fred. For at menneske kjempa for fridom, mot undertrykking, for livet!
Og Livet er aldri for stort å takke for!
Ragnhild Jepsen
Musikk: Ingelin Garnes Reigstad Norheim, Ole Børud og Jeløy kirkes barne- og ungdomskor - "Takk, gode Gud, for alle ting".