Hopp til innhold

Morgenandakten torsdag 8. februar

Styrken i det vanlege livet

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

1 Kor 2, 1-8

Vi menneske er ganske lette å lese. Vi er enkle på den måten at vi let oss imponere av ytre ting; rikdom, fart, styrke, fargerike reklamer og alt som lovar rask betring og skjønnhet.

Men når vi tenker etter, er det kanskje ikkje noko av dette som gjer sterkast inntrykk på oss likevel. Eg kan i alle fall for eigen del seie at det som sit att som nokre av dei sterkaste minna eg har, er når styrken viser seg i det eg trudde var svakt. Når det uvanlege utspeler seg i det vanlege. Når kraft blir openberra i det som i alles auge eigentleg er skjørt.

Nokre av Nobelprisvinnarane har gjeve oss slike opplevingar. Den siste vi minnes er kanskje Malala, den unge afghanske jenta som kjempar for utdanning og rettar for alle menneske, men særleg for jenter i land der styresmakter og religiøs praksis undertrykker og held dei nede. Då gjer det inntrykk at ei sped jente, skada etter eit attentat, hevar røysta og myndig står opp mot dei som vil undertrykke.

Bibelen har mange døme på korleis Gud bruker det som er lite og svakt i våre auge for å vise sin kjærleik til menneske og skaparverk, og skape tru til frelse. Ein av dei som kjente på dette, var Paulus, han som har gjeve oss nokre av dei sterkaste og viktigaste vitnemåla om kva det betyr å tru på Jesus.

Han fortel om det sjølv i brev han skriv til vener i kyrkjelydane han har vore på besøk i. Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk, skreiv han ein gong. Men så veit han likevel: Det som bar han, og det som gjorde inntrykk hjå dei som høyrde, var ikkje Paulus sin styrke eller talegåver – eller mangel på dei.

Frå denne vanlege mannen høyrde dei den uvanlege bodskapen: Om Jesus Kristus og hans kjærleik til alle menneske. Det var ikkje styrken og krafta i bodbringaren dei skulle tru på. Det var krafta i evangeliet han forkynte. Det var orda om nåde og frelse.

Difor vil eg halde fram med å tenke at det vanlege livet, det er det livet Gud har sett oss til her på jorda. Og omvendt: Det livet Gud ynskjer for oss, er det livet der vi får kjenne oss heime, der vi arbeider og bur, der vi kan bruke våre evner og kjenne oss trygge. Då er det kanskje lettare å tenke at eg også kan opne meg og tru: Tru meg verdifull. Tru på Guds kjærleik.

Eg ynskjer deg ein god, vanleg dag!

Ragnhild Jepsen

Domprost i Nidarosdomen

Musikk: Kjell Inge Torgersen - "Skjøre" (norsk versjon av Stings "Fragile")

Skog