Hopp til innhold

Morgenandakten torsdag 7. september

Himmelens eld

Geir Gundersen i naturen

God morgon!

Han står meg nær!

Det er orda til Gunvor Hofmo, ein av våre finaste poetar – som Solveig Slettahjell snart skal synge fram.

Han står meg nær! Diktet er frå samlinga I en våkenatt som kom ut i 1954 , ja det er det, ord som har vakse ut av mange vakenetter, netter med sorg, mørke og klage. Men her kjem orda, klare som krystall, lysande av tru:

Samme hva verden roper,

Samme hva alle vil vite

Står Han meg nær.

Han vet hva jeg innerst vil!

Han vet hva jeg enn fornekter

Er jeg av himlens ild!

Og mine bitre ord,

ord som jeg vender mot Ham,

fanger Han, sier de er

min kjærlighets offerlam….

Slik syng eit menneske som ikkje held noko tilbake for Gud, lik Job, vårt medmenneske frå Det Gamle Testamente. Det er Job-kraft, Job-trass og Job-tru i Gunvor Hofmos ord. Det er ein forbløffande parallell her, for også Job erfarte at dei beiske orda hans retta mot Gud, ikkje vart brukte mot han, men tekne imot, fanga av Gud som hans "kjærlighets offerlam".

"Før hade eg berre høyrt om deg", seier Job i kap 42, v.5. "No har eg sett deg med eigne augo". No har ein kjempande Job møtt ein kjempande Gud, Gud har svara han "ut av stormen", står det, eg tenkjer: stormen i Jobs kropp og sjel, stormen i ei lidande verd, stormen i kosmos, Gud har svara. Ikkje på tusen spørmål. Men på skriket. Og Job kjem ut av mørket, ut av natta, som Gunvor Hofmo, merka, forvandla, forløyst, overvunnen og fri.

Mennesket er ein flamme av himmelens eld. Det er eit menneskesyn å varme seg på. Job bryr seg ikkje om preiket til venene sine, "samme hva verden sier" held Gunvor Hofmo på sitt.

Eg er ein gneiste frå Gud, same kva eg måtte møte i livet. Lat meg få leve slik, brennande, truande, sann.

Tekst: Job 42,5

Geir Gundersen

Musikk: Solveig Slettahjell - "Ord i en våkenatt"

Skog